E. coli og andre biologiske namn

AV MARIT HOVDENAK

Dyre- og plantearter vi ser ute i naturen, har norske namn: hjort, kanadagås, groblad osv. Artsrike grupper som insekt og mikroorganismar har ofte ikkje norske namn, berre latinske – det vi kallar vitskaplege namn. Den måten dei vitskaplege namna er bygde opp på, skriv seg frå den kjende svenske naturforskaren Carl von Linné, som vart fødd for 300 år sidan, i 1707. Språkrådet får stundom spørsmål om slike fagspesifikke namn, særleg om skrivemåten, og det er emnet for denne artikkelen.

Vitskaplege artsnamn

Dei latinske, eller vitskaplege, namna er toledda, t.d. Motacilla alba – linerle. Motacilla, som tyder ‘erle’, fortel kva slekt fuglen høyrer til. Den andre delen av artsnamnet, altså alba, som tyder ‘kvit’, fortel kva art innanfor slekta Motacilla det er snakk om. Motacilla flava, der flava tyder ‘gul’, er ei anna art – gulerle. Sjølv om det er vanleg å kalle slike namn for latinske, er opphavet ofte gresk, men tilpassa latinsk skrivemåte og språkform.

Motacilla alba, Motacilla flava og alle andre slike namn er bygde opp etter det same prinsippet som vi kjenner frå telefonkatalogen. Der kjem etternamnet først og fornamnet sist, t.d.:

Berg Hans
Berg Ingrid
Berg Reidun

Slektsnamnet (Motacilla) er eit latinsk substantiv, og det skal vi skrive med stor forbokstav. Det tillegget (alba og flava i døma ovanfor) som saman med slektsnamnet utgjer artsnamnet, er oftast eit latinsk adjektiv. Men det kan òg vere ei genitivsform av eit substantiv, t.d. i Salmonella typhi, der typhi er den latinske genitivsforma av typhus, som opphavleg er eit gresk ord typhos (jf. sjukdomsnemninga tyfus). Dette artsnamnstillegget skriv vi med liten forbokstav.

E. coli har vore mykje omtalt i seinare tid i samband med sjukdom og mathygiene. Det er ein tarmbakterie (kolibakterie) som oftast er ufarleg. Det fulle namnet på bakterien er Escherichia coli, og slektsnamnet er etter den tyske legen Th. Escherich (1857–1911).

Ei anna bakterieslekt som kan valde sjukdom, er Salmonella. Fleire arter er viktige, t.d. Salmonella enteritidis og Salmonella typhi. Dersom vi berre kjenner slektsnamnet eller ikkje treng spesifisere kva art det gjeld, kan vi skrive slik: Salmonella sp. (sp. = species – ‘ei art av’). Andre kjende bakteriar er Legionella sp. og Listeria sp. Når slike namn er mykje brukte i allmennspråket, t.d. i avisene, kan vi skrive dei som norske ord, det vil seie med liten forbokstav, t.d. «bli smitta av salmonella», «salmonellainfeksjon».

Namnet på mennesket som art – altså Homo sapiens – følgjer skrivereglane for vitskaplege namn. Det same gjeld andre antropologiske og zoologiske nemningar som Homo habilis og Homo erectus. Andre latinske nemningar for mennesket, som homo religiosus og homo ludens, skal ein skrive med liten forbokstav.

Strukturen i norske artsnamn

I norske dyre- og planteslekter er det gjerne slik at ei kjend og utbreidd art har eit enkelt, usamansett namn, t.d. ryllik. Mindre utbreidde arter kan ha namn som er ei samansetning der slektsnamnet er etterledd, og eit forledd som skil arta frå andre i slekta, t.d. i nyseryllik:

slektsnamn
ryllik – Achillea

artsnamn
ryllik – Achillea millefolium
nyseryllik – Achillea ptarmica

I andre slekter har ei utbreidd art eit særskilt namn, mens dei andre artene har samansette namn med eit etterledd som går att i dei alle. I slekta Plantago har vi til dømes den velkjende groblad og elles dunkjempe, strandkjempe osv.:

slektsnamn
kjempe – Plantago

artsnamn
groblad – Plantago major
dunkjempe Plantago media
strandkjempe –Plantago maritima

Ved sida av samansetning kan det norske artsnamnet bestå av adjektiv + substantiv, t.d. i malurtslekta:

slektsnamn
malurt – Artemisia

artsnamn
burot – Artemisia vulgaris
ekte malurt – Artemisia absinthium
norsk malurt – Artemisia norvegica

Norsk jamført med latin

Latinske artsnamn består av to ord, som døma ovanfor viser, og hovudordet, slektsnamnet, står alltid først. I norske artsnamn står slektsnamnet alltid sist. Norske artsnamn har tre variantar: enkeltord (t.d. ryllik), samansetning (t.d. dunkjempe) og adjektiv + substantiv (t.d. norsk malurt). Samansetningar er den vanlegaste varianten.

Ordstillinga er altså motsett i norsk og latin i slike namn. Dette er ein gjennomgåande skilnad mellom germanske språk i det heile på den eine sida og latin og dei romanske språka på den andre. Samisk og finsk har same ordstilling i slike namn som norsk har.

Samiske og kvenske namn

Samisk og kvensk er i slekt og har ein del ord som liknar på kvarandre. Det nordsamiske namnet på fiskeslaget torsk (Gadus morhua) er dorski, på kvensk og standardfinsk heiter fisken turska. Dorski og turska er lånte frå urnordisk eller urgermansk. Laksen (Salmo salar) heiter luossa på nordsamisk og lohi på kvensk og standardfinsk; desse orda er lånte frå baltisk. Namna på desse to fiskane vitnar dermed om gamle kontaktar mellom språk.

Fornorska namneformer

Virus får ofte spesielle namn, gjerne forkortingar av ei engelsk namneform, og ei art kan finnast i fleire variantar. Forkortinga HIV (Human Immunodeficiency Virus) for det menneskelege immunsviktviruset vart først skriven med store bokstavar i norsk, men etter ei stund vart det fastsett at norsk skrivemåte skulle vere hiv med små bokstavar. Dermed markerte ein at forkortinga kunne reknast som eit ordinært ord i norsk. Same tankegangen gjeld namnet på sjukdommen som hivviruset fører til, altså aids. Dette er òg eit ord laga av forbokstavane i ei lengre engelsk namneform. Det vart skrive AIDS då det var nytt i norsk, men no er den offisielle skrivemåten med små bokstavar: aids.

I somme tilfelle har vi fornorska namn på sjukdommar, mens mikroorganismen som valdar sjukdommen, har latinsk namn. Det gjeld t.d. kjønnssjukdommen klamydia og augesjukdommen trakom, som kjem av ulike variantar av bakterien Chlamydia trachomatis.

Vidare kan ein merke seg at varietetar som eplesortar og dyrerasar skal skrivast med liten forbokstav: reineclaude, leonberger osv. Forledd som eigentleg er utanlandske stadnamn, blir ofte fornorska: kaliforniavalmue, kanadagås, ølandssolrose. Innanfor gartnarfaget bruker dei gjerne andre plantenamn enn i botanikken elles.

Carl von Linné 1707–1778

Den svenske naturforskaren Carl von Linné foreslo i eit verk frå 1753 å bruke toledda vitskaplege namn. Denne namngjevingsmåten, den binære nomenklaturen (namneverk med toledda namn), slo nokså snart igjennom. Linné har dermed hatt svært stor innverknad på biologisk fagspråk og i høg grad på allmennspråket òg. Det kan vere god grunn til å minnast Linné i jubileumsåret, også fordi det var han som sette namnet Homo sapiens – ‘det vise mennesket’ – på oss. Han har fått den vesle bleikrosa blomsteren linnea oppkalla etter seg. Det vitskaplege namnet på denne planta er Linnaea borealis. Borealis tyder ‘nordleg’.

 

-- Marit Hovdenak er seniorrådgjevar i Språkrådet.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:12.09.2007 | Oppdatert:12.05.2017