– Språket er eit verktøy

No image

– Eg trur mange i næringslivet er opptekne av språk, men meir av språket som ein reiskap enn av språket i seg sjølv, seier Grete Faremo. Som næringslivsleiar har ho sett mykje slett engelsk, men også mykje sunn fornuft.

AV JOHANNE LANDSVERK

Ho sit i bistroen i Det Norske Teatret, klar til å svare på spørsmål om språk og språkpolitikk.

– Teatret er som ein heim for meg, seier Grete Faremo. Som dotter av stortingsmannen og målmannen Osmund Faremo fekk ho ofte vere med far sin på teaterframsyning.

– Kvart år vart Løvebakken mållag invitert til å halde årsmøtet sitt i Det Norske Teatret og kombinere det med teaterframsyning. Og då fekk eg lov til å vere med. Seinare fann eg ein mann her, så tilknytinga til Det Norske Teatret er sterk, seier Faremo, som har vore både bistandsminister, justisminister og olje- og energiminister.

Grete Faremo er medlem i fagrådet for samfunn og høgre utdanning i Språkrådet.

Mykje slett engelsk

No er den tidlegare arbeidarpartipolitikaren vald inn i fagrådet for samfunn og høgre utdanning, eitt av dei fire fagråda i Språkrådet.

Faremo har mellom anna vore direktør i Storebrand og direktør for jus og samfunnskontakt i Microsoft. Ho er nestleiar i Hydro-styret, styreleiar i Abelia og nestleiar i styret i Forsvarets forskingsinstitutt. Så bakgrunnen for det nye vervet burde vere solid.

– Eg har ei generell interesse for språk – og for språk som identitet. Eg har vakse opp i ein familie som var oppteken av nynorsk, og det vart eit vanskeleg val å ta då eg begynte på jusstudiet og gjekk over til bokmål. Men eg var 18 år og oppdaga då kor framandt det juridiske språket var. Juridisk terminologi på nynorsk var heilt utilgjengeleg for meg, og det var ingen som kunne rettleie meg, fortel Faremo.

Seinare har det vorte mykje bokmål i jobben, men også mykje engelsk, for Grete Faremo.

– Ja, det har det også. Eg har i grunnen vore interessert i å lære nye språk. Eg jobba i fleire år med utviklingshjelp, der eg brukte engelsk i arbeid. Seinare vart det fem år i Microsoft med engelsk som dagleg arbeidsspråk. Men dette gjer at eg også har sett mykje slett bruk av engelsk, seier ho.

Mykje sunn fornuft

Ei fersk spørjeundersøking som Språkrådet har fått utført, viser blant anna at det er ein større del av bedriftsleiarane enn av befolkninga elles som meiner at all reklame i Noreg bør vere på norsk. Berre 12 prosent av bedriftsleiarane meiner at bruk av engelsk internt gjer bedrifta meir effektiv, og bedriftsleiarane har også lita tru på at det er noko å tene på å bruke engelsk i reklamen. Faremo er slett ikkje overraska over resultatet.

– I forretningsverksemd er ein oppteken av kommunikasjon med kunden, og dårleg språk gjer det vanskelegare å byggje opp tillit. For mange bedrifter er det eit spørsmål om den kortaste veg til målet: å gjere forretningar. Og her er språket eit av dei viktigaste verkemidla.

Morsmålet er trass alt det språket dei fleste uttrykkjer seg best på.

– Tyder det at du eigentleg meiner det burde vore brukt meir norsk i mange bedrifter som i dag bruker engelsk?

– Språket er eit verktøy, og mange verksemder er internasjonalt orienterte. Det blir vanskeleg å seie at dei må gå omvegen om to språk, når det faktisk finst eit språk som er felles for dei involverte. Blind bruk av framandspråk er ingen tent med, men når det gjeld verksemder som Telenor, Hydro eller Statoil, som involverer folk frå mange land, må det vere forståing for at andre språk enn norsk kan rekke lengst. Så dette handlar om både òg. Det handlar om bevisst bruk av språk, og her trur eg faktisk det finst mykje sunn fornuft i næringslivet.

Språkrådet bør skape debatt

Faremo trur det er ganske mange både i næringslivet og i offentleg forvaltning som er opptekne av språk, men meir som ein reiskap enn av språket i seg sjølv.

– Det å vere god til å formulere kva du eigentleg står for og kva slags produkt du har, er ein fordel. Næringslivet bør stille krav til språkleg kvalitet, anten du bruker ditt eige morsmål eller prøver deg på eit framandspråk.

– Er det behov for kompetanseheving når det gjeld språk i næringslivet, som til dømes norsk, engelsk, tysk, fransk?

– Eg liker ikkje å seie at folk ikkje er gode nok, men her er det absolutt rom for forbetringar. Her trur eg også Språkrådet kan vere med på å provosere og skape engasjement – til dømes ved å gjere denne typen undersøkingar. Det er viktig å få fram fakta.

– Kva rolle meiner du Språkrådet bør spele når det gjeld språkbruk i norske bedrifter? Bør ein stille større krav?

– Språkrådet er den heilt sentrale språkrøktaren. Rådet har eigeninteresse av å skape debatt. Du må erkjenne at det er du som må by opp til dans. Men slik røyndomen er i dag, trur eg meir på dei positive og engasjerande verkemidla enn på kontrollerande straffereaksjonar.

Ho trur også Språkrådet kan spele ei viktig rolle for å skape debatt i akademia, der norsk språk er under sterkt press.

– Eg trur nok at det er viktig at Språkrådet ikkje let desse miljøa vere i fred.

– Trur du det er fare på ferde for det norske språket? Direktøren i Språkrådet, Sylfest Lomheim, har stadig vore inne på dette.

– Eg har lese Lomheim med interesse. Samtidig synes eg han målar eit for negativt bilete av situasjonen. Eg er meir optimistisk. Men eg kan skjøne at det er eit grep ein må ta for å reise debatten om språk som del av ein sterk kultur.

Liker ideen om språklov

Språkrådet går inn for at bruk av norsk språk bør lovfestast, og Faremo støttar tanken om ei språklov.

– Eg er positiv til det generelle spørsmålet om ei språklov, sjølv om eg ikkje har gått inn i detaljane om kva som bør stå der. Eg trur det høyrer naturleg heime i ein nasjon som har respekt for seg sjølv og er stolt av eigen identitet. Eg meiner det er mange gode sider ved ei språklov.

– Trengst det også lovreglar for å sikre norsk i reklame og marknadsføring?

– Det eg ser eit behov for, er at ein lovfestar retten til å få informasjon om grunnleggjande rettar på norsk. Då vi gjennomførte EØS-regelverket innanfor einskilde delar som galdt forsikring, var vi opptekne av det. Slike behov er det viktig å ta vare på. Men å krevje at all reklame skal vere på norsk, som til dømes reklame for mobiltelefonar eller iPod, synest eg er å gå for langt. I næringslivet tenkjer ein gjerne igjennom kundegruppene, og det avgjer om reklamen skal vere på norsk. Til dømes er bedrifter som vel å avgrense sitt sal til Internett, sannsynlegvis veldig klare over at dei rettar tilbodet sitt mot ei avgrensa kundegruppe.

– Du var i mange år direktør i Microsoft Norge. Kva politikk har eit selskap som Microsoft når det gjeld omsetjing av programvare til norsk?

– Det kan vere forskjell på korleis selskapa har rigga seg til. Det kostar å omsetje til andre språk. Microsoft bruker ganske mykje pengar på omsetjing, og det er det forretningsmessige som ligg til grunn. Akkurat i den næringa kan Noreg ha stor sjølvtillit, for folk i Norden er mellom dei ivrigaste i verda til å bruke ikt. Dei nordiske landa er gode marknader, og difor har nordiske språk også eit stort rom i eit selskap som Microsoft.

Nynorskkrav sette sinna i kok

Faremo trur meir på frivillig engasjement enn på tvang, også i spørsmål om nynorsk. Men likevel har ho fått heidersnål frå Noregs Mållag for sitt bidrag til nynorsken.

– Det var fordi eg som justisminister kravde at byråkratane mine skulle skrive budsjettproposisjonen på nynorsk. Justisdepartementet låg heilt i botnskiktet når det galdt meldingar og proposisjonar på nynorsk, så du kan berre tenkje deg kor uvant det var for byråkratane å få det kravet. Eg fekk utruleg mange reaksjonar, både positive og sinte, seier Faremo. Ho fortel at dette førte til større engasjement kring språk enn det hadde vore nokon gong i departementet.

– Nettopp difor syntest eg det var moro å få fram det dokumentet. Og det avdekte at det var fleire byråkratar som ikkje beherska begge målformer. Eg skulle gjerne sett at fleire leiarar skjønte kva for verkemiddel dei kan spele på for å auke interessa for språk. For den erfaringa var interessant.

– Til slutt: Har du nokon kjepphestar når det gjeld språk?

– Ein kjepphest er å prøve å reinske ut alle hjelpeorda, som eg kallar dei, og innskotne leddsetningar som ikkje er naudsynte. Der hjelper forresten nynorskbakgrunnen godt på, men eg syndar vel eg som andre. Innanfor jus blir ein trena opp til å leggje vekt på presist språk. Så summen av eit presist juridisk språk og nynorsk blir ikkje så verst, sjølv om det kjem ut bokmål i andre enden!

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:04.05.2009 | Oppdatert:08.06.2015