Seminar: Norskfaget under lupa
Læreplanen i norsk skal endrast, og norskfaget er igjen under debatt. Språkrådet og Utdanningsforbundet inviterer norsklærarar til seminar i Oslo 7. november.
Program:
-
Eit heilskapleg norskfag v/Ove Eide, leiar for fagrådet for skole og offentleg forvaltning i Språkrådet
-
Utfordringar i norskfaget v/Bente Aamotsbakken, Høgskolen i Vestfold
-
Grunnleggjande ferdigheiter v/Ingrid Metliaas, Nasjonalt senter for skriveopplæring og skriveforsking
-
Læreplanen som «verneplan» v/Torill Steinfeld, Universitetet i Oslo
-
Det nordiske perspektivet v/Bodil Aurstad, Nordisk språkkoordinasjon, København
-
Språklege minstekrav og sidemålet sin plass i skolen v/Synnøve Matre, Nasjonalt senter for skriveopplæring og skriveforsking
-
Elevperspektivet v/Andreas Borud, leiar i Elevorganisasjonen
-
Diskusjon
Språkrådet fekk hausten 2010 gjort ei undersøking blant norsklærarane, og resultata viser at lærarane si haldning til sentrale emne samsvarer eintydig med graden av kompetanse: Dei som er negative til emne som undervisning i sidemål og nabospråk, oppgir at dei har liten eller ingen kompetanse i å undervise i desse fagområda.
Vel møtt!
Utover hausten vil Språkrådet åleine eller saman med andre arrangere andre diskusjonsmøte og seminar om same tema andre stader i landet. Følg med på nettsidene våre.