Heidra for kreativt språk

No image

Forfattarane og journalistane Agnes Ravatn og Morten A. Strøksnes har fått Språkprisen 2011. Prisen vert gjeven for framifrå bruk av norsk språk i sakprosa.

Prisen vart utdelt på konferansen Språkdagen i Oslo Konserthus 15. november. Vinnarane fekk 50 000 kroner, eit trykk av Kjell Nupen og eit diplom kvar.

Juryen skriv: «Språkprisen 2011 går til to journalistar som maktar å kombinere varierte og sterke språklege verkemiddel med refleksjon og analyse. Tekstane deira er festa i den flyktige avisverda, men det begge skriv, står seg også godt i bokform. Begge oppsøkjer samtida gjennom tekstane sine; den eine med kvast blikk for det nære og alminnelege, den andre med større rom i dei sakene han tek opp. Felles for dei to er også kreativ språkbruk og overraskande språklege vendingar som skaper ettertanke hos lesaren. Begge vinnarane har vore tydelege stemmer i norsk sakprosa på 2000-talet.»

– Å få Språkprisen kan auke prestasjonsangsten, men kan også gi eit glimt av sjelefred for tanken om at ein har gjort noko som var rett å gjere, sa Ottar Grepstad, styreleiar i Språkrådet, då han delte ut prisen.

– Språkleg utagerande

gnes Ravatn fekk Språkprisen 2011 for framifrå bruk av nynorsk i bøkene Stillstand (2009) og Folkelesnad (2010) og for virket sitt som spaltist og kommentator i Dag og Tid.

«Vinnaren av nynorskprisen las så mange jenteblad då ho var mellom 10 og 14 år at ho heldt på å bli blind. Men tekstane hennar viser at ho har behalde synet: med eit skarpt blikk for samtidsfenomen og tidsånd kastar ho lys over kvardagsliv og folkelesnad og set det nære inn i større samanhengar. Ho kler seg ofte med ei naiv maske, men tekstane hennar er langt frå enkle. Ho er subjektiv og analytisk, humoristisk og overraskande, nyskapande og språkleg utagerande», skriv juryen.

– Ypparleg

Morten A. Strøksnes fekk Språkprisen 2011 for framifrå bruk av bokmål i bøkene Hva skjer i Nord-Norge? (2006) og Et mord i Kongo (2010) og for sitt virke som spaltist og kommentator i dagspressa.

«Vinneren av bokmålsprisen gjør det ikke alltid lett for seg. Dette gjelder både når han skriver seg inn i sporene etter en av klassikerne i norsk sosiologi, og når han leter etter sammenhenger og konfliktlinjer i en av de største norske mediesakene det siste tiåret. Han kombinerer store kunnskaper med ypperlig evne til å observere, skape oversikt og forme fortellinger i et variert og kreativt språk. I sine større arbeider viser han stor evne til å formidle et omfattende stoff. Vinneren av sakprosaprisen på bokmål har et stort forfatterskap bak seg med tekster og bøker også på nynorsk», skriv juryen.

Ove Eide, Tiril Rem, Karianne Skovholt og Espen Søbye har sete i juryen for Språkprisen 2011.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:22.11.2011 | Oppdatert:20.05.2015