Språkleg leikeplass

AV SUNNIVA RELLING BERG

Internett har vore min språklege leikeplass. Der har eg fått utforska og utfordra språket. Denne leiken byrja for alvor då eg på ungdomsskulen vart medlem av skriveverkstaden dikt.no. Då var det ikkje lenger likegyldig kva for ord eg valte, om eg skreiv på dialekt, SMS-språk eller nynorsk. Alle val eg tok, til dømes om eg skreiv ho i staden for henne, sa noko om meg. Eg fekk høyre at det å skrive ho i objektsform, berre var stygt. Det hadde eg aldri tenkt over før, at det fanst folk der ute som vart personleg engasjert i kva form eg burde bruke. Gjennom dikt.no utvikla eg ei forståing for at kvart einaste ord eg vel å bruke, gjer noko med det eg skriv.

På ein nettstad der det skriftlege er det einaste som betyr noko, er det i setningane at identiteten kjem fram. Mange var anonyme på dikt.no, men det er ikkje slik at sosiale fordommar sluttar å eksistere av den grunn. Måten å ordlegge seg på vil gi eit signal. Dersom det er mykje språkleg rusk, vil det gi inntrykk av éin type person, medan ein som bruker mange vanskelege uttrykk, vil gi eit anna bilete.

Virvar var eit ord som nokre av brukarane elska ordlyden og farten i, andre meinte det var useriøst. Det at dei andre brukarane kunne bli så fokusert på enkeltord, fekk meg til å sjå grundigare på kvart einaste ord eg skreiv. Ord hadde ikkje berre ulike tydingar, utsjånaden hadde sitt å seie, og ikkje minst ordlyden. Rytme og ordlyd var viktig.

Eg byrja å leike meg med språket, utforske og utfordre det. Ikkje berre med bokstavar, men òg med teikn, parentesar, skråstrekar og semikolon. Eg såg kva dei andre skreiv (som i tittelen «(t)anker» og «+/- (ingenting)»), og lånte og leika meg med orda. Takka vere kommentarane fekk eg eit visst inntrykk av kva folk fekk noko ut av, og kva som berre vart meiningslaus språkleik.

Ein brukar sa i ein kommentar til min tekst: «Få vekk tilden.» Det sende meg av garde på ordleit, for å finne tydinga av tilde. I ein annan kommentar vart eg oppmoda til å krympe bokstavane mine til minusklar. Minusklar har sjølvsagt ingenting å gjere med musklar. Gjennom å slå opp i ordlister og google ukjende ord fekk eg eit større ordforråd. I tillegg vart eg interessert i å jakte på vakre, vanskelege og sære ord for sjølv å kunne dra fram noko bra frå ermet.

Gjennom Internett fann eg andre som var særleg opptatt av språk. Ein plass å utvikle språkinnsikt og ha det gøy samtidig. Framleis kan eg få minne knytt til eit ord og kor ulikt det vart oppfatta av dei ulike brukarane. Finurleg.

 

-- Sunniva Relling Berg er forfattar.

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:01.06.2012 | Oppdatert:09.06.2015