Originale Aasen

I åra 1996–2003 vart Det norske Folkesprogs Grammatik, Norsk Navnebog og begge ordbøkene til Ivar Aasen utgjevne på nytt med nøyaktig tekst og fyldige innleiingar om bøkene, tilblivingshistoria og redigeringsprinsippa.

AV KRISTOFFER KRUKEN

Ordbog over det norske Folkesprog

Boka kom ut i 1850 og var ei frukt av samleferdene til Aasen i 1840-åra. Ordboka er ein grunnstein for norsk dialektologi og leksikografi og for det spirande nynorske skriftmålet midt på 1800-talet. Boka gjer deskriptivt greie for ord, former, tydingar og bruk, og for kvar i landet orda fanst. I over tjue år var boka den sjølvsagde kjelda for alle som trong opplysningar om norske ord og dialektar, mellom dei P.A. Munch, Oluf Rygh, Johan Fritzner, Sophus Bugge og Eilert Sundt. Den faghistoriske verdien er udiskutabel, men da Aasen seinare gav ut Norsk Ordbog (1873), kom den første ordboka i skuggen. Ho vart aldri opptrykt og har lenge vore uråd å få tak i. 

Grammatikken vart utgjeven av Terje Aarset, Høgskulen i Volda, i 1996. Året etter kom ei ny utgåve av Norsk Navnebog ved Aarset og underskrivne. Desse arbeida sette oss på tanken om at 1850-ordboka òg burde koma på nytt, både for eigenverdien og for den viktige plassen ho har i faghistoria. Utgåva låg føre til 150-årsjubileet i 2000.

Hovudskilnaden mellom 1850-utgåva og 2000-utgåva er endring i skrifttype. Aasen brukte den gotiske typen fraktur, som folk var vande med. Oppslagsformer og nokre ord elles står i varianten schwabacher. Denne skrifta er tjukkare enn fraktur og tener som halvfeit. Den latinske skrifttypen antikva er avgrensa til ord frå norrønt, islandsk, latin og visse andre språk etter regelen den tida. Alternativet var å bruke antikva overalt, men det gjekk Aasen imot, ikkje berre fordi skrifttypen var lite kjend, men òg fordi antikvaen med sin einslaga stil var farleg for augo! I dag er berre antikva aktuelt.

Frakturskrifta hadde ikkje kursiv. Særskild avmerking vart gjord med halvfeit (her schwabacher), sperra trykk eller hermeteikn. 1850-ordboka bruker alle, men ikkje regelfast. Dialektformer vekslar såleis mellom halvfeit, sperring og hermeteikn utan tydeleg system. Ei ny utgåve kunne ha følgt originalen slavisk, men vi fann det fagleg og pedagogisk best å gje like opplysningar, til dømes bøyingsformer eller uttalevariantar, same grafiske drakt.

Halvfeit bruker vi i oppslagsformer og i sjølvstendige ord inne i artiklane, som Naustlæm under Naust. Mange av desse orda har både grammatisk avmerking, tyding og til dels heimfesting og kjem sakleg på line med oppslagsorda. Sperring er endra til kursiv ved orddøme og sløyfa ved tyding, men står elles ved lag. Restfunksjonen er mest emfatisk. Hermeteikn er oftast endra til kursiv ved orddøme, men til halvfeit ved ordstatus, som Dyragaupa under Gaupa. Alt tilfang elles er sett i kursiv. Det gjeld lydar, bøyingsformer, dialektuttale, bruksdøme og ord frå norrønt og andre språk. Kursiv blir dermed det vanlegaste typografiske trekket, og halvfeit i variantar og orddøme er det som blir mest redusert frå førsteutgåva.

Trykkfeil og misvisande teikn er retta, men elles følgjer vi originalen bokstavgrant. Målet er at brukarane skal få alle opplysningar nøyaktig slik Aasen forma dei. Rettingar og tillegg bakast i boka er flytta til alfabetisk plass og merkte med skråstrek. Det gjev betre samanheng i stoffet.

Avmerkinga i halvfeit viser at ordboka inneheld 25 000 ord. Eit interessant moment kom utilsikta for dagen. Alternative skrivemåtar av oppslagsformene viser nemleg at Aasen hadde ei landsnorm nesten klar, men ut frå det deskriptive siktet prioriterte han dialektane framfor normerte former.

Norsk Ordbog

Neste utgjeving for Aarset og meg måtte bli Norsk Ordbog frå 1873. Boka vart opptrykt i 1900, 1918, 1977 og 1983 og er framleis å få antikvarisk, men skrifttypen fraktur gjer opptrykka slitsame å bruke utan særskild skolering. Denne boka er ei normert ordbok, med oppslagsord, bøyingsformer og mange bruksdøme i den landsnormalen Aasen da hadde etablert. Omframt dialektstoffet tok han no med nokre litterære ord for å vise normalmålet i praksis. Boka sette frukter utan sidestykke både vitskapleg og allment for norsk språk, og ho er framleis standardverket for den delen av alfabetet som Norsk Ordbok (1966–) ikkje har nådd til. 1873-ordboka følgjer stort sett 1850-ordboka typografisk, men har oftare hermeteikn ved dialektformer, og ein enda viktigare skilnad heng saman med det normative siktet: Døme i normert landsmål er sette med minska fraktur (petit), unormerte døme ikkje. 

Vår utgåve er redigert etter dei same prinsippa som nyutgåva av 1850-ordboka. Skrifttypen er antikva, oppslagsord og andre sjølvstendige ord står i halvfeit og alt språktilfang elles i kursiv. Vi sløyfa petit i landsmålsdøma for å lette bruken. Dermed gjekk skilnaden mellom normert og unormert tilfang tapt, men dei normerte formene står òg som oppslagsord i halvfeit, slik at ein likevel utan vanske kan skilje mellom landsmål og dialekt i døma. Ordtydingar og andre forklaringar står her som i 1850-ordboka på dansk utan eiga avmerking. Det inneber at alt norsk ordstoff, både det normerte og det unormerte, står med halvfeit eller kursiv, eller i sjeldnare fall med opphavlege hermeteikn.

Stavemåtar og teiknsetjing er retta etter Aasens eigne normer i ordboka. Det er flest avvik i teiknbruken, færre i ortografien. Opplysningane i «Tillæg og Rettelser» er flytta til alfabetisk plass. Grunnstammen av ord i 1873-ordboka skriv seg frå den første ordboka, men Aasen hadde i mellomtida fått inn enda meir frå dialektane, og med det litterære tilfanget attåt auka talet på ord frå 25 000 i 1850 til 45 000 i 1873. Stoffmengda voks prosentvis litt mindre fordi dei nye orda ofte trong lite forklaring og hadde færre bruksdøme.

Norsk Navnebog

Namneboka kom i 1878 og var eit av dei siste verka Aasen fekk utgjeve sjølv. Boka vart opptrykt i 1912 og 1996 og kom i faksimile i 1980. Aasen skreiv to skilsetjande artiklar om fornamn alt i 1854–55, og han er saman med P.A. Munch portalfiguren i norsk personnamngransking. Namneboka nådde lengst og har usliteleg verdi den dag i dag. Teksten er mindre og typografisk enklare enn i ordbøkene. Skrifttypen er som elles fraktur, også i namn frå framande språk. Oppslagsformene har schwabacher. Tilfanget er delt på tre alfabetiske lister: først 600 norske namn, så om lag 80 namn «fra de nærmeste Lande» (germansk og keltisk) og til sist like mange «fra Sydlandene og Østerlandene» (romansk og klassisk). Variantar står under grunnforma, til dømes Jan, Jens, Johan, Jon og Hans under Johannes. I realiteten er tilfanget i listene derfor langt større enn talet på oppslag tilseier. Dessutan nemner Aasen ei mengd namn i teksten utanom listene. Det gjeld mellom anna avleiingar på -ina og -etta og kortformer som Gina og Lina. Aasen mislikte desse namna og nekta dei med vilje ein synleg alfabetisk plass. I staden talar han varmt for nylaga namn på norrøn grunn, som Herfinn og Ingveig. Mange av dei har seinare kome i bruk, stundom direkte etter namneboka. 

Utgåva ved Aarset og meg (1997) er redigert etter dei same prinsippa som ordbøkene, men vi har i tillegg laga eit fellesregister til heile boka. Det inneheld 3200 namn og viser kor rikt stoffet eigentleg er. Kartlegginga av lokal namnebruk var ein milestein i si tid og er framleis svært nyttig. I dei alfabetiske listene utgjer kvinnenamna 30 prosent, men i fellesregisteret 40 prosent. Skilnaden kjem av at kvinnenamna hadde flest avleiingar og kortformer og størst rom for nylaging fordi leddvariasjon frå gammalt var mindre utnytta der enn i mannsnamna.

 

-- Kristoffer Kruken er professor i namnegransking ved Universitetet i Oslo.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:27.05.2013 | Oppdatert:25.02.2021