Den som sparer, har – eller?

Verbet spare har mange sider. Men ikkje alle sidene er med i ordbøkene.

AV LARS S. VIKØR

Ifølgje Nynorskordboka er den grunnleggande definisjonen av spare «leggje til side; ikkje bruke». Bokmålsordboka har same definisjonen. I tillegg finst det fleire andre tydingar, som eg ikkje går inn på her. Eg vil peike på eit aspekt ved dette verbet som ikkje er beskrive i ordbøkene. Sjå på desse belegga i Leksikografisk bokmålskorpus:

Den som har spart i enkeltaksjer hvert år i denne perioden, har hatt en avkastning på 7,4 prosent.

Å sette pengene i aksjer og obligasjoner er ikke like sikkert som å spare i banken, fordi verdien av obligasjonen eller aksjen, aksjekursen, kan falle, slik at du taper penger.

Å «spare i aksjar» er ein kurant uttrykksmåte i det ein kan kalle finansspråket. Men han passar ikkje med ordboksdefinisjonen av spare: la noko ligge ubrukt til eventuelle seinare behov. I finansspråket kan ein «spare» i plasseringar der pengar blir brukt (investert) med risiko for tap eller sjansar for avkastning. Etter min språkbruk er ikkje det å spare, men å bruke til andre formål. Går slike investeringar med tap, er pengane borte, altså ikkje spart. Og får ein avkastning, har ein tent pengar, men å tene er heller ikkje det same som å spare.

Ein kan seie at finansfolk bruker verbet spare gale, og at det er ordboka som har rett. Eller ein kan seie at ordet blir brukt i ei spesiell tyding som ordbøkene ikkje dekker. Når det ikkje er samsvar mellom kart (ordbøker) og terreng (språk), er det terrenget som har rett. Derfor bør ordbøkene forsynast med ei ny tyding av spare i tillegg til dei som alt finst, t.d. slik:

plassere pengar i eit frittståande samanskotstiltak (t.d. aksjeselskap, fond) som kan investere pengane i kommersielle eller andre aktivitetar og med det gi forteneste (avkastning) eller tap i samsvar med auke eller reduksjon av verdiane i heile samanskotstiltaket på grunnlag av det økonomiske resultatet av dei aktivitetane tiltaket investerer i

Dette bør kunne uttrykkast kortare, men hovudpoenget er at det å spare også kan omfatte ei handling som kan føre til at det ein vil spare, går tapt, sjølv om målet med handlinga er å sikre at ein har tilstrekkeleg med pengar seinare i livet.

 

-- Lars S. Vikør er pensjonert professor i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Oslo.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:27.02.2019 | Oppdatert:26.01.2021