Lovar ny lov

Den nye regjeringa vil fremja forslag om ei heilskapleg språklov. Nå er arbeidet med lova endeleg i gang.

AV SIGRID SØRUMGÅRD BOTHEIM

I dag finst det fleire ulike lover som tek for seg språk – mellom anna mållova, samelova og stadnamnlova. Det finst òg lovføresegner som fastset skuleelevar sin rett til opplæring på eige språk. Men det finst inga lov som seier at norsk er nasjonalspråket i Noreg. Vi har altså klare reglar for tilhøvet mellom bokmål og nynorsk, men det er ingenting i dagens lovverk som hindrar eit statsorgan i å nytte engelsk i allment informasjonsarbeid.

Ei språklov vil sikre norsk språk

Å få laga ei språklov er eit tiltak for å styrkje det norske språket, heiter det i Stortingsmelding nr. 35 (2007–2008) Mål og meining. Ein heilskapleg norsk språkpolitikk. Ifølgje meldinga er det overordna målet for språkpolitikken i Noreg å motverke domenetap og sikre norsk språk fullverdig status og bruk på alle område i samfunnet.

Rapporten Språk i Norge – kultur og infrastruktur, som kom hausten 2018, viser at den ti år gamle stortingsmeldinga ikkje har blitt følgt godt nok opp i praksis på fleire område. Utvalet bak rapporten peiker mellom anna på at arbeidet med språkpolitikk for skular og høgare utdanning går for sakte. Språk har heller ikkje vorte eit sektorovergripande politikkområde, slik meldinga la opp til. Spørsmålet om å lovfeste norsk som nasjonalspråk er svært aktuelt med tanke på den aukande bruken av engelsk i samfunnet vårt.

Språklova er politisk prioritert

Seks kulturministrar har kome og gått sidan Mål og meining vart handsama i Stortinget i 2009. Fleire gonger har spørsmålet om ei språklov vorte stilt i Stortinget, og svaret har vore at departementet er i gang med lovarbeidet.

Nåverande kulturminister Trine Skei Grande uttalte i Språknytt 4/2018 at norsk språk treng ei lovforankring. Ho har gjeve politiske signal om at ho vil prioritere dette arbeidet. I Granavollerklæringa, som er plattforma til den nye firepartiregjeringa, står det at regjeringa ynskjer ei ny lov:

Regjeringen vil: Fremme forslag om ny helhetlig språklov som viderefører prinsippene i dagens lovverk knyttet til sidestilte målformer, tegnspråk og minoritetsspråk, og vurdere tiltak for å styrke hoved- og sidemålsopplæring for tidlige alderstrinn, samt åpne for lokale forsøk.

Omtrent den same formuleringa finn vi i Jeløyplattforma frå 2018, da Venstre gjekk inn i regjering med Høgre og Framstegspartiet. Dette var fyrste gong arbeidet med ei språklov vart nemnd i ei regjeringsplattform.

Departementet arbeider nå med innhaldet i lova, som truleg vil bli send på høyring hausten 2019. Parallelt med lovarbeidet kjem det til å bli laga ei ny språkmelding.

Styrkje norsk, men ikkje svekkje andre språk

Språkrådet er oppteke av at det å lovfeste norsk som nasjonalspråket i Noreg ikkje inneber å stengje andre språk ute. Som formuleringa i Granavollerklæringa viser, er det like viktig å verne om dei nasjonale minoritetsspråka, norsk teiknespråk og samisk. Det vil også vera naturleg å vidareføre innhaldet i dagens mållov. Eit overordna mål i norsk språkpolitikk har vore å leggje til rette for ei meir reell likestilling mellom bokmål og nynorsk.

Språklova var tema på Språkdagen

Språkrådet nytta Språkdagen 4. april til å drøfte viktige område som gjeld den komande språklova. Kvifor er ei språklov viktig? Kva moglegheiter finst i ulike typar språklover? Kva tyder formuleringa tilgang til språk for ulike språkbrukarar?

Det svenske Språkrådet kom på besøk for å fortelja om den svenske språklova frå 2009. Dei trekte særleg fram paragrafen som handlar om «den enskildes tillgång till språk». Det blei diskutert kva konsekvensar kommune- og regionreforma har for nynorskbrukarar og deira tilgang til sitt eige språk. Språkrådet ville også sjå nærare på tilgangen til dei nasjonale minoritetsspråka og det norske teiknspråket.

Språknytt 4/2018

I Språknytt 4/2018 sa kulturminister Trine Skei Grande: «Norsk språk treng ei lovforankring. Derfor er vi i gang med å lage ei språklov og ei språkmelding knytt til den nye lova. Eg er mellom anna opptatt av at vi må sikre det norske teiknspråket, dei nasjonale minoritetsspråka og dei samiske språka betre.» 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:04.03.2019 | Oppdatert:26.01.2021