Tankar om grammatikk

Alle kan grammatikk, men mange synest det er vanskeleg å snakke om det.

AV ELLEN HELLEBOSTAD TOFT, seniorrådgjevar i Språkrådet

Ellen Hellebostad ToftDei nye læreplanane har fått kritikk for å ha for lite fokus på grammatikk. Samtidig opplever førelesarar på universiteta våre at språkstudentane kan mindre og mindre om grunnleggjande grammatiske omgrep. Dei veit ikkje skilnaden på substantiv og subjekt. Men kvifor er det så viktig å ha kunnskap om grammatikk? Er det ikkje nok at vi greier å kommunisere med folk rundt oss morsmålet vårt?

Ordet grammatikk er tvitydig, minst. Det kan vise til læra om korleis eit språk er oppbygd, og til sjølve bygnaden. Det er både læra om byggjesteinane og læra om korleis dei skal setjast saman. Det finst deskriptiv (reint beskrivande) grammatikk og normativ (regelgjevande) grammatikk. Sjølve ordet grammatikk er danna av gresk gramma, som tyder ‘bokstav, det som er skrive’. Den latinske nemninga ars grammatica og den greske grammatike techne tyder ‘vitskapen om det som er skrive’, altså ‘grammatisk vitskap’.

Eit særtrekk ved mennesket er evna til å undre seg og stille spørsmål om tinga i og omkring oss. Og at folk undrar seg over språk, det er sikkert. Språkrådet får dagleg ei rekkje spørsmål om grammatikk. Vi ser tydeleg at folk flest har klare meiningar om rett og gale i språket. Vi ser det same på sosiale medium: Kor mange kommentarfelt endar ikkje i ein diskusjon om «korrekt» grammatikk? I ei tid då så mange skriv til dagleg, er grammatiske spørsmål noko som vedkjem dei fleste.

Grammatikken er byggjesteinane i språket, men for kvar av oss er morsmålsgrammatikken like mykje ei språkleg reiskapsbu eller verktøykasse. Dei fleste veit nokolunde når dei skal bruke hammaren, og når dei må ty til tonga. Men det held ikkje når ein skal snakke om snikring eller undervise i det.

Som undrande og problemløysande skapningar bør vi kunne reflektere over og snakke om vår eiga verktøykasse. Det er vanskeleg om ikkje nokon har lært oss kva reiskapane heiter. Vi har ikkje berre rett til morsmål, men òg til grunnleggjande kunnskap om morsmålet.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:04.03.2020 | Oppdatert:25.01.2021