Språkdagen 2021 i opptak

No image

På YouTube kan du sjå Espen Aas leie debattar med politikarar, lærarar og akademikarar om rettane til nynorskelevane og stoda for norsk fagspråk.

Du kan òg få ei rask innføring i språklova ved jurist Sofie Høgestøl, oppleve verdas første språkpolitiske kvarter, få rapport om rikets tilstand ved språkdirektøren og høyre oppmodinga til kultur- og likestillingsministeren.

Debattane

Den nye språklova, som tok til å gjelde ved årsskiftet, gir rettar til språkbrukarane i Noreg og plikter til det offentlege. Kunnskapssektoren har eit stort ansvar for det norske språket. Språkvala verksemdene i sektoren gjer, får ringverknader for heile samfunnet.

  • Kva treng verksemdene i kunnskapssektoren for å kunne oppfylle krava som lova stiller?
  • Kva treng skulen for å kunne gje nynorskelevar like god undervising og dei same digitale moglegheitene som bokmålselevar får?
  • Kva rammer trengst for å sikre det norske fagspråket i akademia når forskingsmiljøa er internasjonale?

Espen Aas frå Dagsnytt 18 stilte spørsmål og kravde svar frå politikaren, læraren, skuleeigaren og skuleforskaren i debatten om nynorsk i skulen og frå professoren, Kunnskapsdepartementet, Forskingsrådet og Universitets- og høgskolerådet i debatten om norsk fagspråk.

Espen Aas, Sofie Høgestøl og Åse Wetås

Espen Aas, Sofie Høgestøl og Åse Wetås | Foto: Johnny Vaet Nordskog

TV-sendinga på YouTube

Arrangementet Språkdagen 2021 blei sendt direkte frå Det Norske Teatret i Oslo 9. november. Sendinga kan du sjå på YouTube. Sendinga er teksta og tolka til teiknspråk. Innslaga er òg lagde ut kvar for seg.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:11.01.2022 | Oppdatert:13.01.2022