Tar ein spansk ein

«Er fransk i fare?» spurde Framandspråksenteret då dei presenterte tala for framandspråkval i ungdomsskulen. Undersøkinga syner at spansk igjen vinn kampen om elevane.

Med innføringa av Kunnskapsløftet i 2006 blei faget Praktisk prosjektarbeid avskaffa. Det gav rom for etablering av spansk som nytt framandspråk på mange skular. Spansk blei raskt svært populært, og innføringa av faget er den direkte årsaka til at talet på elevar med framandspråk auka frå 60 % i skuleåret 2004–2005 til 78 % i 2006–2007.

Opp og ned

Mange spanskelevar hadde sannsynlegvis ikkje valt framandspråk om skulen ikkje hadde tilbode spansk. Samstundes valde ein del elevar spansk som elles ville ha valt fransk eller tysk. Fransk gjekk i same perioden ned frå 20 % til 17 % og tysk frå 34 % til 27 %. I åra før hadde fransk vore stabilt på om lag 21 %, mens tysk var på veg ned før spansk kom inn i biletet.

For begge faga heldt denne nedgangen fram eit år eller to, for så å stoppe opp. Lenge kunne det sjå ut som dei tre store framandspråka hadde stabilisert seg på kvart sitt nivå: spansk rundt 33 %, tysk rundt 26 % og fransk rundt 15 %. I dei siste tre–fire åra har vi likevel sett ei utvikling som kan tyde på at fransk på ny kan vere på veg ned, i motsetnad til spansk og tysk.

Tilbod og interesse

Nedgangen for fransk er ikkje like stor som oppgangen for spansk og tysk, noko som kan forklarast med at talet på elevar med framandspråk sett under eitt samstundes har auka frå rundt 73 % i 2010–2011 til 77 % i år. Fransk har altså ikkje nytt godt av denne auken.

Når talet på elevar i eit språkfag går ned på landsbasis, kan det ha to forklaringar: Anten er faget blitt mindre populært, eller så er det færre skular som tilbyr faget. Når det gjeld fransk, kan det sjå ut som begge forklaringane kan ha noko føre seg: Fransk er tilbode på færre skular, og elevane som har tilbod om faget, vel det i mindre grad. Det er nærliggjande å forklare tala med at nokre skular har «bytt ut» fransk med spansk.

Fransk fall

Er så fransk i fare? Det er for tidleg å trekkje nokon sikker konklusjon. Til det er endringane i tala foreløpig for små. Utviklinga er ikkje nokon direkte trussel for faget, men kombinasjonen av færre skular med fransk og lågare interesse for språket kan fort føre franskfaget inn i ein negativ spiral.

 


Artikkelen byggjer på ein tekst av Gerard Doetjes, seksjonsleiar for framandspråk ved Nasjonalt senter for framandspråk i opplæringa.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:10.06.2014 | Oppdatert:27.01.2021