Kort

Nytt nummer av «Terminologen»

Språkrådets fagråd for terminologi og fagspråk har sidan hausten 2011 arrangert eit årleg seminar om terminologi og fagspråk i Noreg. Seminarforedraga har sidan vorte publiserte som artiklar i ein skriftserie som har fått namnet «Terminologen».  

I haust kom nummer tre av tidsskriftet ut, med tittelen «Norsk terminologi og fagspråk i tre næringslivsbransjer – ideal og virkelighet». Artiklane tek for seg situasjonen for norsk fagspråk i akvakultur-, finans- og petroleumsbransjane, i tillegg til ei spørjeundersøking om terminologiarbeid i privat sektor.

Første nummeret av «Terminologen» tok for seg juridisk terminologi i Noreg. Andre nummeret inneheld artiklar frå ein internasjonal konferanse i terminologi i Oslo hausten 2012, med temaet ansvarsroller i terminologiarbeid og med innlegg frå mange delar av Europa.


Termbase til støtte for nordisk mobilitet

Skal du studere, arbeide eller busetje deg i eit anna nordisk land? Då er sjansane store for at du møter på vanskelege faguttrykk på eit anna nordisk språk.

Språknemndene i Danmark, Noreg og Sverige og på Island ønskjer å hjelpe nordiske borgarar til å gjere seg forstått i andre nordiske land. I samarbeid med nordiske terminologiorganisasjonar har difor språknemndene sett i gang eit felles prosjekt som skal munne ut i ein fritt tilgjengeleg termbase på Internett. Her skal brukarane kunne slå opp eit faguttrykk på eit anna nordisk språk og få ein definisjon på sitt eige språk. Termbasen skal innehalde fagterminologi på dansk, islandsk, finsk, norsk og svensk.

I første omgang skal prosjektet arbeide med fagterminologi i utdanninga og i neste omgang med fagterminologi på arbeidsmarknadsområdet. Prosjektet har fått midlar frå mellom anna Nordplus til å arbeide med desse to samfunnsområda. Etter kvart planlegg prosjektet å utvide innhaldet i termbasen med fagterminologi frå helse- og rettsvesenet.

Prosjektet får bistand frå ulike nordiske organisasjonar som gjev råd til nordiske borgarar på flyttefot, til å velje ut relevante og brukarnære faguttrykk til termbasen. Bakgrunnen er mellom anna den nordiske språkdeklarasjonen frå 1987, som seier at nordiske statsborgarar har rett til å nytte sitt eige språk i eit anna nordisk land på nokre viktige samfunnsområde.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:02.12.2014 | Oppdatert:27.01.2021