Kor går norsk rettskriving?

Dei store stormane rundt norsk rettskriving har lagt seg. No er stabilitet og faste normer stikkord for forvaltninga av dei to norske skriftspråka.

AV MARIT HOVDENAK

Når du tenkjer på Språkrådet, tenkjer du kanskje på at det er dei som bestemmer korleis ord skal skrivast. Det er sjølvsagt ei forenkling, men det stemmer at rådet spelar ei sentral rolle i det ein kallar normeringa av bokmål og nynorsk, det vil seie det å fastsetje rettskrivinga.

I dag er norsk rettskriving temmeleg stabil, det vil seie at det skjer nokså få endringar i korleis det er rett å skrive. Men av og til er det grunn for å endre på noko, og då er det viktig å ha retningslinjer å gå ut frå. Teknologien gjer at vi betre enn nokon gong veit korleis folk faktisk skriv, og det er ein stor fordel i rettskrivingsarbeidet.

Ikkje meir samnorsk

Bokmål og nynorsk har begge opphavet sitt på 1800-talet, med to ulike utgangspunkt, men det tok lang tid før det vart etablert nokolunde fast rettskriving i dei to skriftmåla. Den gongen kunne eit og same ordet bli stava på fleire ulike måtar, sjølv av same person. Det ser vi hos ein språkbrukar som Henrik Ibsen, som gav ut verk gjennom andre halvdelen av hundreåret. Omkring hundreårsskiftet var lesebøker for folkeskulen eit viktig ledd i etableringa av ein fastare rettskrivingspraksis.

På 1900-talet fekk vi rettskrivingsreformer som gjorde bokmål og nynorsk meir like kvarandre. Den første reforma som omfatta begge målformene, kom i 1917. Frå då av var tilnærming mellom målformene ei klår målsetjing, til dels med eit felles samnorsk språk som framtidsmål. Den linja førte til nokså store og djuptgripande endringar i rettskrivinga, som igjen vekte kraftige reaksjonar i folket. Samnorskpolitikken er no skrinlagd, og rettskrivingsvinden har snudd.

Faktisk bruk

På 2000-talet går offisiell språkpolitikk ut på at bokmål og nynorsk skal normerast på sjølvstendig grunnlag, uavhengig av kvarandre, og at skriftnormene skal vere stabile: Rettskrivinga for bokmål frå 2005 og for nynorsk frå 2012 skal i store trekk liggje fast og ikkje endrast mykje. Nettopp sjølvstendig normering og stabilitet er dei to grunnleggjande prinsippa for normering av norsk, og dei er vedtekne av Stortinget. Desse prinsippa skal likevel ikkje vere til hinder for å gjere mindre endringar, og ein bør unngå unødvendige skilnader mellom målformene.

Det viktigaste grunnlaget for normering av bokmål og nynorsk er korleis skriftspråket ser ut i tekster skrivne på målforma. Dette blir kalla bruksprinsippet – faktisk bruk i skrift er grunnlaget. Dermed må vi observere korleis språket er og utviklar seg. Med digitalt tilgjengelege tekster i stort omfang har vi mykje betre tilgang til bruksspråket enn før. Vi kartlegg formbruken i tekstkorpus med sikte på å dekkje ulike sjangrar best mogleg, t.d. skjønnlitteratur, avisspråk og tv-teksting.

Språkrådet gjorde i 2014 nokre vedtak med støtte i bruksprinsippet. Det vart vedteke at design skal vere både hankjønnsord og inkjekjønnsord, det vil seie at ein kan skrive både ny design og nytt design, ikkje berre hankjønn som før. Ei anna endring var at firesifra klokkeslett skal kunne skrivast med kolon, t.d. kl. 13:00, i tillegg til skrivemåte med og utan punktum. Begge desse vedtaka byggjer på at slike former har vorte svært vanlege, ikkje minst i viktige brukarmiljø. Bruksprinsippet vart dermed vurdert som meir tungtvegande enn det å halde på ei stabil norm.

Stram og enkel rettskriving?

To andre prinsipp seier at rettskrivinga skal vere stram og enkel. Med ei stram norm meiner vi at det ikkje er fleire valfrie former enn ønskjeleg og nødvendig. Ein må sjå det i lys av språkhistoria, som har gjeve oss to skriftmål med valfridom i ein del ord og bøyingsendingar, og samtidig toleranse for variasjon. Det er ikkje noko mål for språkpolitikken no korkje å stramme inn eller utvide valfridommen i norsk. På lang sikt kan det vurderast om bokmålsnorma skal strammast inn noko. Ei enkel norm er mest mogleg regelrett og systematisk med få unntak ein må lære seg.

Dei ulike prinsippa må vegast opp mot kvarandre. Då design fekk valfritt kjønn, vart det lagt avgjerande vekt på bruksprinsippet, på at ordet er mykje brukt som inkjekjønnsord, sjølv om det førte til at norma med det vart utvida, mindre stram. Mange av dei vanlegaste orda i norsk har uregelrett bøying, som mann og skrive, men det er ikkje aktuelt å endre bøyinga likevel. Det er grenser for kor mykje ein kan forenkle bøyingssystemet.

At skriftmåla byggjer på norsk tale, er ein tanke vi er fortrulege med. Det er teke med eit eige talemålsprinsipp, men berre for nynorsk. Det går ut på at det skal takast omsyn til former med best talemålsgrunnlag ved endring av norma. I retningslinjene er det òg formulert eit tradisjonsprinsipp: Tradisjonelle skriftmålsformer som framleis er i bruk, kan bli ståande sjølv om dei har lågare bruksfrekvens no enn før.

Importord

Framandord og lånord – med eit sams ord: importord – er eit eige tema i retningslinjene for normering. Importord skal normalt få norsk ordform om dei blir tekne i bruk i norsk allmennspråk. Det kan skje anten ved fornorsking, at ein finn eit norsk ord (eit avløysarord) i staden for importordet, eller ved norvagisering, ved å tilpasse ordet til norsk gjennom å gje det norsk skrivemåte.

Mange nyare importord frå engelsk glir greitt inn i det norske språkmønsteret i uendra eller litt endra form, t.d. fender, tilte og app. Andre har ein lydstruktur som høver dårleg i norsk, og då vil vi gjerne tilrå å finne ei norsk omsetjing eller eit avløysarord, t.d. snøbrett for snowboard. Det kan vere aktuelt å norvagisere ord frå engelsk eller andre språk ved å endre delar av orda. Døme frå seinare tiår kan vere skanne, sjampo og sjampanje. Tilsvarande tilpassing av skrivemåten skjer også i mange andre språk.

Når eit ord kjem inn i norsk frå t.d. engelsk, blir det gjerne møtt på fleire måtar samtidig. Vi kan illustrere det med design. Språkrådet har lenge framheva at vi har gode avløysarord som formgjeving, utforming og form. Truleg har denne haldninga hatt ein viss verknad, sjølv om det er vanskeleg å måle. Ein god grunn til å gå inn for avløysarord er at design med uttalen /desain/ eller /disain/ gjev eit dårleg samsvar mellom uttale og skrivemåte i norsk. Det eldre ordet dessinatør (‘designar’) høver reint lydleg betre inn, men er lite kjent. Endring av skrivemåten har likevel ikkje vorte gjennomført. No er design så grunnfesta i norsk at det var mest tenleg å berre tilpasse bøyinga ved å gje ordet valfritt kjønn.

Kva slår igjennom?

Vedtaka om normering av importord har dels gått ut på eineformer, t.d. getto og mannekeng, dels på valfrie former, t.d. scooterskuter, genre – sjanger og guidegaid(e). Somme av dei norvagiserte formene er mykje brukte, mens mange andre er lite vellykka. Det har vist seg vanskeleg å spå om kva for former som vil slå an blant publikum. Ved hjelp av søkjeverktøya til Nasjonalbiblioteket kan ein no lett sjå bruken av dei ulike formene over tid. Den nye forma sjanger vart innført ved sida av genre i 1983 og vart raskt akseptert. I 1976 vart (ein) skuter jamstilt med scooter. Forma skuter var lenge lite brukt, men har hatt eit kraftig oppsving dei siste åra, jamfør figurane.

Gisle Andersen har undersøkt korleis det har gått med ein serie norvagiseringar Norsk språkråd vedtok i 1996. Dei fleste orda er sjeldan eller aldri brukte i norvagisert form i avisene. I ein artikkel i Språknytt i 2011 drøftar han resultata og spør seg om det er mogleg å utleie nokon suksesskriterium for norvagisering. Adjektivforma streit har slått godt igjennom jamført med straight, også i samansetningar og bøygde former, som halvstreit og streite folk. Ordet streiting (‘streit person’) finst nok berre i denne forma. Ein konsekvens av slike undersøkingar kan vere at enkelte valfrie former bør gå ut av rettskrivinga etter ei stund.

Eit hovudpoeng for Språkrådet er å styrkje skriftnorma for bokmål og nynorsk med utgangspunkt i faktisk språkbruk. Skrifta er ein av berebjelkane i demokratiet, og ho må vere lett tilgjengeleg for så mange som råd. Velfungerande språknormer er dermed eit gode for oss alle.

 

-- Marit Hovdenak er seniorrådgjevar i Språkrådet.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:21.05.2015 | Oppdatert:27.01.2021