Store skulemål

Språkrådet vil at skulen skal satse på språkopplæringa. Til Språkdagen 18. november kjem skulefolk og forskarar for å snakke om korleis det skal skje.

AV ASTRID MARIE GROV

– Språkrådet skal påverke dei aktørane som bestemmer over innhaldet i skulen. Ei god språkopplæring, både i norskfaget og andre fag, er avgjerande for borgarane og heile samfunnet, seier Ingunn Indrebø Ims, som i fjor starta i jobben som rådgjevar på skulefeltet.

– Hovudmålet for Språkrådet er å sikre det norske språket sin posisjon som eit fullverdig, samfunnsberande språk i Noreg. Det som skjer i skulen i dag, er viktig for statusen norsk språk vil ha i samfunnet i framtida.

– Ei god språkopplæring er avgjerande for borgarane og heile samfunnet, seier Ingunn Indrebø Ims i Språkrådet | Foto: Erlend Lønnum

God språkopplæring

– Fyrst og fremst ei som gjer elevar i stand til å bruke språket til det dei måtte trenge det til i løpet av livet, både i arbeidslivet og på fritida. Samtidig er språk ein grunnleggjande del av individets identitet og kulturelle uttrykk. Det første språket eit barn lærer, er dessutan viktig for all seinare språklæring. Språkopplæringa i skulen er òg ein del av allmenndanninga, det er grunnleggjande for den kulturelle identiteten vår, fortel Ims.Kva er eigentleg ei god språkopplæring?

– Ei av dei viktigaste arbeidsoppgåvene for Språkrådet framover er å sikre elevar retten til ei god opplæring på sitt eige språk. Det er eit språkpolitisk mål, og Språkrådet skal ta initiativ til at det skal skje. Derfor ønskjer vi å få til eit godt samarbeid med utdanningssektoren og institusjonar som har ansvar for skuleplanlegging og læreplanutvikling. I tillegg får Språkrådet mange spørsmål som gjeld språklege rettar gjennom utdanningsløpet. Vi ser til dømes stadig tilfelle av at lærebøker ikkje er klare på begge målformer til skulestart. Det kan vere øydeleggjande for elevar å oppleve at språket deira blir ignorert og nedprioritert, så det vil vere eit sentralt arbeidsområde for Språkrådet.

Ein fleirspråkleg skule

Språkdagen går av stabelen i Oslo konserthus 18. november, og temaet i år er nettopp språk- og norskopplæringa i skulen. Både forskarar og skulefolk kjem for å gjere opp status. Hovudinnleiar blir professor i tekstvitskap Kjell Lars Berge, som skal trekkje dei lange språkpolitiske linjene. Berge veit særleg mykje om skrivekunnskapen i norsk skule, og han utfordrar ulike instansar som kan påverke språkopplæringa.

– På Språkdagen ser vi både framover og bakover. Kva språkundervisning elevane har fått, har variert mykje opp gjennom tidene. Korleis såg språkundervisninga ut før, og korleis ser ho ut no? Kva ideologiar har lege til grunn? Ideologiske føringar for språk-, skule- og utdanningspolitikk er ein realitet, òg når desse verdiane ikkje er uttalt eksplisitt, seier Ims.

Den aukande innvandringa har ført til at norske elevar har med seg kompetanse i stadig fleire språk. På Språkdagen blir det presentert ei undersøking som viser korleis den fleirspråklege kompetansen blir forvalta og teken i bruk i skulen. Undersøkinga er eit samarbeid mellom Språkrådet og MultiLing, senter for fleirspråklegheit ved Universitetet i Oslo. Di meir ein kan om ulike språk, di betre rusta står ein språkleg.

– Ofte tenkjer ein på svake språkkunnskapar som eit problem for individet. Men som samfunn er vi òg avhengige av god kompetanse, både i eige språk og framandspråk. Vi har invitert ein britisk forskar til å snakke om kva næringslivet taper på manglande språkkompetanse.

Endra innhald i skulen

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen har sett ned eit utval, leidd av pedagogikkprofessor Sten Ludvigsen, som sjølv kjem til Språkdagen. Utvalet har undersøkt kva kunnskap norske elevar kjem til å trenge i åra som kjem. Ein viktig bodskap frå utvalet er at elevane i dag må innom for mange emne, noko som går ut over djupnelæringa. Kort sagt: Noko må ut av undervisninga.

– Det er mykje bra i utgreiinga som har kome, meiner Ims. – Mellom anna tek ho til orde for å styrkje språkopplæringa i skulen. Men eg saknar ei drøfting av kva for språkpolitiske konsekvensar det vidare arbeidet med utgreiinga kan få, så det er eg spent på å høyre kva Ludvigsen meiner om. Vurderingane for kva ein skal lære i skulen, spring sjølvsagt ut av oppfatningar om kva ein meiner vaksne menneske bør vite og kunne. Derfor må vi diskutere kva ideologiar og verdiar som ligg til grunn for praktisk politikk. Det utdanningspolitiske og det språkpolitiske må gå hand i hand.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:14.09.2015 | Oppdatert:27.01.2021