Uviss framtid for språksamlingane

Striden om språksamlingane ved Universitetet i Oslo handlar ikkje om plasseringa av arkivskap. Han handlar om kva universiteta skal forske på.

AV ASTRID MARIE GROV OG STURLA BERG-OLSEN

Språksamlingane ved Universitetet i Oslo (UiO) inneheld ei enorm mengd både fysiske og digitaliserte data som forskarar brukar for å undersøkje det norske språket. Dataa er i hovudsak knytte til fagfelta leksikografi og namnegransking, men dei er også relevante for dei fleste felt innan nordiskfaget. Universitetet ønskjer ikkje å forvalte og drifte desse samlingane lenger, og det har dei fått kritikk for frå fleire hald.

Ein grunnleggjande strid

Striden om språksamlingane er ikkje fyrst og fremst ein strid om den fysiske plasseringa av arkivskap eller ordbokredaksjonar. Det er del av ein større strid om kva forskingsinstitusjonar som UiO skal bruke tid og pengar på. Leksikografi (utvikling av ordbøker) og namnegransking (studiet av namn) er disiplinar som tidlegare blei sette på som sjølvsagde og sentrale delar av humaniora.

Etter kvart har tradisjonsdisiplinane blitt tona ned ved utdanningsinstitusjonane, og i dag dominerer studium av andre aspekt av språket, til dømes fleirspråklegheit. Eit sitat frå eit innlegg av dåverande dekan Trine Syvertsen ved Det humanistiske fakultetet er illustrerande: «Norge er ikke lenger et homogent samfunn der vi bare kan fokusere på egne kulturelle og språklige motsetninger» (Aftenposten 2.9.2014).

UiO har presisert at dei ønskjer at språksamlingane skal takast vare på, men at det ikkje kjem til å skje hjå dei. Argumentasjonen er at ordbokarbeid og namnegransking ikkje er kjerneoppgåver for eit universitet. Kulturdepartementet har på si side parert med at institusjonen i si tid fekk øyremerkte midlar til å forvalte desse oppgåvene og såleis ikkje står fritt til å bruke pengane til andre ting. Det har ikkje hjelpt, for når dei to siste leksikografane og dei to siste namnegranskarane i løpet av kort tid går av med pensjon, kjem stillingane til å bli omdisponerte.

Ordbokgrunnlag

Språkrådet har vore engasjert i striden rundt språksamlingane. Ein av grunnane er at Språkrådet saman med UiO eig Bokmålsordboka og Nynorskordboka, som ligg gratis på Internett og er tilgjengelege for alle. Det er difor viktig at dei blir drifta vidare, og at vi har eit kunnskapsgrunnlag som gjer oss i stand til å utvikle dei. Grunnsteinen i denne kunnskapen er språksamlingane.

Ei av dei viktigaste kjeldene for ordbokarbeidet er Norsk ordbank, ein fulldigital database med over 130 000 ord på kvar av målformene bokmål og nynorsk. Orda er registrerte med bøyingsmønster og alle bøyingsformer.

Ein annan viktig ressurs er Leksikografisk bokmålskorpus, som inneheld 100 millionar ord frå bokmålstekstar (1985–2013) og er sett saman med tanke på leksikografisk forsking.

Gammalt materiale

Elles inneheld samlingane mykje gammalt materiale, der noko er digitalisert og tilgjengeleggjort, medan anna ikkje er det.

Tradisjonelt blei språklege data gjerne registrerte for hand på små papirlappar, setlar, som blei sorterte og oppbevarte i arkivskuffar. Språksamlingane inneheld òg ei rekkje slike setelsamlingar, nokre av dei svært store. Mykje av dette er digitalisert og tilgjengeleg på Internett. Det gjeld mellom anna setelarkivet til Norsk Ordbok og stadnamnarkivet, ein base med ca. 700 000 norske stadnamn.

Bibliotek

Språklege data er ikkje berre tekst. Samlingane omfattar mellom anna mykje dialektmateriale lagra som lydopptak, og dette er i ferd med å bli digitalisert. I dialektologien er det dessutan lang tradisjon for å bruke kart, der ein kan sjå utbreiinga av ord og språklege trekk, og der grenser mellom dialektområde kan visualiserast. Norsk dialektatlas omfattar rundt 600 kart, som berre delvis er tilgjengelege på Internett.

Til saman gjev dette materialet oss mykje verdfull informasjon om norsk språk, og det må haldast ved like og oppdaterast i takt med den språklege utviklinga.

Ei uviss framtid

Det er enno uvisst kva som skjer med samlingane, men det ser ut til å vere politisk vilje til å finne ei tilfredsstillande løysing. Det viktigaste er uansett at nokon held fram med å forvalte materialet og dermed sikrar kunnskapsgrunnlaget for den delen av språkforskinga folk flest aller oftast dreg nytte av.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:14.09.2015 | Oppdatert:27.01.2021