Fleire språk i skulen

Elevar i grunnskulen ønsker oftare å kunne bruke andre språk enn norsk i skulekvardagen. Lærarane meiner at meir norsk- og tospråkleg opplæring vil gjere det lettare for elevar med eit anna førstespråk enn norsk. 

AV INGUNN INDREBØ IMS

Det viser funn frå undersøkinga «Rom for språk?», som blei presentert på Språkdagen 18. november.

Språkmangfald

I den norske grunnskulen er det registrert meir enn 150 språk, og meir enn 120 språk berre i Oslo-skulen. Trass i dette språklege mangfaldet veit vi relativt lite om i kva grad barn og unge bruker språka sine i skulesamanheng.

Fleire av kompetansemåla for språkopplæringa i grunnskulen opnar for å reflektere rundt tema om språkleg mangfald og variasjon og om eigen og andres språkbruk. Også når det gjeld den tidlege framandspråkopplæringa, er betydninga av morsmålet til elevane tematisert i læreplanane.

Formålet med undersøkinga «Rom for språk?» var derfor å få meir kunnskap om korleis elevane i grunnskulen bruker språka sine i praksis, og finne ut korleis fleirspråkleg kompetanse blir forvalta i skulen.

Bruker fleire språk

Undersøkinga viser at dei fleste elevane bruker fleire språk i kvardagen. For ein del av elevane dreier det seg sjølvsagt om å bruke andre språk enn norsk i framandspråkundervisninga, men resultata viser òg at elevane bruker andre språk eller innslag frå andre språk utanom skuletimar i språkfaga. Utover norsk, engelsk og vanlege undervisningsspråk som tysk, fransk og spansk blir somali, arabisk og polsk nemnt av mange elevar.

På spørsmål om kva for språk elevane bruker i skuletimane, svarer lærarane at det er austeuropeiske språk som polsk, russisk, serbisk, kroatisk og litauisk som utgjer den største gruppa etter norsk og engelsk.

Engelsk aukar

Når elevane blir bedne om å gi eksempel på innslag frå andre språk som er i bruk når dei er saman med venner, er det i all hovudsak engelske ord og uttrykk som blir nemnt. Det er langt fleire elevar som svarer at dei bruker innslag frå engelsk saman med venner, enn dei som svarer at dei nyttar engelsk heime.

For ein del andre språk er tendensen motsett. Til dømes svarer ein av ti elevar på mellomtrinnet at dei nyttar eit asiatisk språk heime, medan berre fire prosent svarer at dei bruker heimespråket i friminutta på skulen. Denne tendensen er tydeleg også for alle dei andre språkgruppene, bortsett frå engelsk.

Det er ikkje overraskande at engelsk er mykje brukt i skulekvardagen, både av elevar som har det som heimespråk, og av elevar som møter det som eit undervisningsspråk i skulen. Men det er tankevekkande at enkelte former for fleirspråkleg praksis ser ut til å auke gjennom utdanningsløpet, nemleg det å tileigne seg engelsk som eit nytt språk i tillegg til førstespråket norsk, medan den fleirspråklege kompetansen og praksisen som har utgangspunkt i eit anna førstespråk enn norsk, og som blir snakka heime, minkar gjennom grunnskuleløpet.

Ønsker meir språk

Dei elevane som svarer at dei bruker språk eller innslag frå andre språk enn norsk i skuletimane, fekk også spørsmål om dei ønsker å kunne bruke andre språk enn norsk oftare. Blant elevane på mellomtrinnet ønskte eit fleirtal dette, medan berre ein av tre elevar på ungdomstrinnet gav uttrykk for det same. Det kan henge saman med at fleire elevar på ungdomstrinnet har språkundervisning utover norsk og engelsk, og forskjellen kan tyde på at elevane på mellomtrinnet ønsker seg meir språk tidlegare i skuleløpet.

Mange lærarar meiner at det er språklege utfordringar med elevar som ikkje har norsk som førstespråk. Dei svarer at utfordringane først og fremst heng saman med at elevane ikkje har tilstrekkeleg omgrepsforståing på norsk. Meir språkopplæring i norsk og meir tospråkleg fagopplæring er dei tiltaka lærarane har mest tru på at kan gjere opplæringssituasjonen betre for elevar med eit anna førstespråk eller morsmål enn norsk.

 

-- Ingunn Indrebø Ims er rådgjevar i Språkrådet.

«ROM FOR SPRÅK?»
  • formål: kartlegge haldningar og bruk av språk i grunnskulen
  • svar: 5000 elevar og 400 lærarar frå 4.–5. trinn og 9.–10. trinn
  • utført av: Ipsos MMI på vegner av Språkrådet og MultiLing, senter for fleirspråklegheit ved Universitetet i Oslo

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:30.11.2015 | Oppdatert:27.01.2021