Fråtsing på skjermen

Filmar og seriar byr på mange freistingar på tv-skjermen, og no treng du ikkje vente ei heil veke på neste episode om du er hekta på ein serie. Vi snakkar om binge-watching.

Kreative avløysarar

Binge-watching tyder oftast at ein ser mange episodar av ein serie rett etter kvarandre. Det engelske ordet binge tyder eigentleg ‘orgie, fest, drikkelag’. Ordet har gjeve opphav til uttrykk som binge eating (‘fråtsing’) og binge drinking (‘det å gå på fylla, drikke seg sanselaus på kort tid’), og no altså binge watching.

Fenomenet er ganske utbreidd, så her kan vi langt på veg fråtse i forslag til norske avløysarar. Blant dei mange forslaga finn vi tv-fråtsing, fråtse-tv, tv-kule (jf. fyllekule), seriesluking, filmrangling, serierangling, seriemaraton, seriejafsing, episodemaraton, maratonglaning og serieglaning. Her er det fleire gode og kreative kandidatar, og nokre av dei er betre enn andre.

Maraton på tv

Omgrepet gjeld nok først og fremst seriar og i mindre grad tv-sjåing ålment, sjølv om det heller ikkje kan reknast som umogleg. Seriefråtsing og seriekule er difor noko betre enn tv-fråtsing og tv-kule. Seriemaraton, episodemaraton og serieglaning ser likevel ut til å vere populære uttrykk på nettet, og vi tek gjerne av oss hatten for dei kreative språkbrukarane som legg sin elsk på skjermformatet.

Det strøymer på

Fenomenet heng saman med at streaming av film og tv på nettet er blitt vanleg. Her ser det ut til at strøyming har fått godt fotfeste på norsk. Strøyming ser også ut til å erstatte video-on-demand, altså video på førespurnad eller videotorg.

TV-stabel

Strøymetenestene har blitt mange, og  dei har gjerne tidlegare sesongar av seriar på menyen. Om du treng å kome à jour med siste sesong, kan du slappe av i sofaen med litt catch-up tv. Nokre nyttar reprise-tv, men det er ikkje særleg treffande, tykkjer vi. Reprise kan vere så mangt og gjeld like gjerne eit enkeltprogram som blir sendt ein gong til. Då er det betre med innhentings-tv. Dersom du ønskjer å hente deg inn i ein jafs – catch-up binging – kan vi kanskje kalle det for innhentingsmaraton eller innhentingskule?

Moglegheitene er mange – akkurat som freistingane.

 

-- Av Ole Våge, seniorrådgjevar i Språkrådet

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:30.11.2015 | Oppdatert:27.01.2021