Urspråket vårt

No image

Korleis var språket vårt for 5000 år sidan? Språkforskarar kan spore mange av dagens norske ord tilbake til eit fascinerande urspråk som både liknar og skil seg frå vårt eige språk – sjølv om vi ikkje har fysiske leivningar etter det.

AV OLE VÅGE

– Språk endrar seg ikkje tilfeldig, men oftast etter regelbundne mønster. Lydendringar i språk har skjedd etter såkalla lydlover. Det var ei av dei store oppdagingane blant språkvitarar på 1800-talet, fortel Dag Haug, språkhistorikar ved Universitetet i Oslo. Studiar av særleg gammalgresk, sanskrit, latin og dei gamle germanske språka var viktige for denne oppdaginga.

Ord på vandring

Ein dag for mellom fire og fem tusen år sidan bestemte ei folkegruppe seg for å leggje på vandring. Dei heldt truleg først til på dei vidstrakte steppene nord for Svartehavet og Kaspihavet, i dagens Ukraina og Sørvest-Russland. Dei kalla far for *pətēr, mor for *mātēr, hest for *ekwos og måne for *mēnōs (asteriskteiknet står for at ordet er rekonstruert, ə-lyden i *pətēr er ein slags slapp e-lyd). Vi kjenner dei som urindoeuropearane, og dei såg neppe for seg at vandringa kom til å forme det språklege landskapet i store delar av verda. Språket deira gav til slutt opphav til ei rekkje ulike språk, som portugisisk, irsk, russisk, gresk, persisk, hindi – og norsk.

– Urindoeuropearane støytte på folkeslag med andre språk, og språkkontakta gjorde at urspråket tok opp i seg nye ord og lydar. Minst like viktige var dei naturlege, indre endringane i språket, seier Haug.

Korresponderande ord

– Gjennom eit nitid puslespelarbeid har språkforskararar danna seg eit ganske godt bilete av urindoeuropeisk. Dei har oppdaga lydlover gjennom å finne systematiske likskapar og ulikskapar mellom nærskylde ord i levande og historiske språk. Lydendringar slår ikkje inn ved berre eitt ord, dei går på tvers av ulike ord i eit språk. Språkforskarar må difor samanlikne ord som liknar på kvarandre og har same tyding på ulike språk, også historiske. Fagfolk kallar dei gjerne for korrespondansar. Dette er grovt sett grunnlaget for den historisk-samanliknande metoden, som vi nyttar for å rekonstruere urorda våre, forklarer Haug.

Til dømes har vi rekonstruert urordet *pətēr, som tyder far. Far er faðir på norrønt, fater på gammalhøgtysk, fæder på gammalengelsk, men pater på latin, patēr på gresk og pitā på sanskrit. Likskapane er slåande, men det er også ulikskapane.

Ved å studere dette ordet og ei rekkje andre ord med felles tyding fann språkforskarane ut at nokre språk har halde på den opphavlege p-lyden, medan andre – dei såkalla germanske språka – erstatta han med ein f-lyd. Denne systematiske lydendringa har blitt kalla Grimms lov, etter tyskaren Jacob Grimm, som har fått æra for å ha oppdaga dette i 1822. Det kan også forklare at det heiter fisk på norsk, men pesce på italiensk. 

p → f t → þ k → h kʷ → hw
b → p d → t g → k gʷ → kw
bʰ → b dʰ → d gʰ → g gʷʰ → gw

Tabellen illustrerer sentrale lydforskuvingar frå urindoeuropeisk til urgermansk (Grimms lov). Lydlova kan til dømes forklare kvifor det indoeuropeiske ordet for kald, *gel-, har fått ein k-lyd i germanske språk (t.d. cold på engelsk og kalt på tysk), medan latin heldt på g-lyden (gelū), jf. lydforskuvinga g → k.

Utforming av lydlovene gjer altså at vi kan gå baklengs og rekonstruere urspråket vårt. Dei enklaste lydlovene vart oppdaga først, i dag arbeider forskarane med etter kvart ganske så intrikate lydlover. Men det er framleis mykje usikkerheit og usemje knytt til utforminga av desse lovene. Dei kan ofte vere hypotesar.

Likskapar med norsk

Likevel kan vi seie ganske mykje om urindoeuropeisk. Det er mogleg at substantiva hadde tre kjønn, nett som i norsk. Vi veit òg at dei bøygde verb i notid, ei vedvarande fortidsform (imperfektum), ei punktuell fortidsform (aorist) og  perfektum. Dei bøygde verba i eintal, total og fleirtal. I motsetnad til moderne norsk var det fri ordstilling i urindoeuropeisk. Urspråket hadde heile åtte kasus, norrønt hadde fire, og i moderne norsk har vi berre nokre få restar av det. Vi har med andre ord mista noko på vegen til moderne norsk.

– Sjølv om tida har slipt på urorda og språksystemet, kan vi sjå spor av den eldgamle grammatikken i ein del verb i moderne norsk. Når vi bøyer sterke verb som springesprangsprunge, gjer vi det ved å byte ut vokalar i midten. Det er ein gammal rest frå urindoeuropeisk, fortel Haug.

Studiar av ordrøter er viktig for språkhistorikarane. Ei rot var gjerne oppbygd av konsonant, vokal og konsonant i rekkjefølgje. Dei gamle urindoeuropearane kunne endre vokalar i røtene for å danne nye ord, som i dømet ovanfor. I tillegg kunne dei leggje til endingar, som t.d. *-eye. Den endinga tydde ‘ å få eller gjere noko(n) til noko’. Restar av  denne arkaiske endinga finn vi att i nynorsk i j-lyden i ord som fremje (å få noko(n) fram) og temje (å gjere noko(n) tam).

Urgrammatikken seier noko om korleis urorda vart laga. Og urorda kan seie oss noko om korleis urindoeuropearane levde.

Urord og kultur

– Gjennom å rekonstruere urord og samstundes skule til arkeologiske funn veit vi ein god del om den indoeuroepiske kulturen, seier Haug. Klarer vi å rekonstruere eit ord for ein ting, ja då fanst denne tingen.

Urindoeuropearane dreiv på med husdyrhald og jordbruk. Det veit vi sidan vi kjenner til orda for den vesle plogen ard (*arətrom), kyr (*gwōus) og okse (*uksōn). Dei drakk mjølk (*mel(u)g), nytta salt (*sal) for å preservere kjøt (*mēms) og kanskje fisk (*pisk-, jf. Grimms lov) og likte nok honning (*melit) svært godt, for det gav dei mjød (*medhu). Men ofte måtte dei nok ta til takke med vatn (*wodr̥).   

For å røre på seg gjekk dei til fots (*pōd, jf. Grimms lov igjen) eller nytta vogn (*woghnos) eller båt (*naus). Det er verdt å stoppe opp ved det siste ordet:

– Ordet naust er kanskje eit av dei få orda som kunne ha stått nesten uendra frå urindoeuropeisk til moderne norsk.*naus tydde ‘båt’, medan endinga -st kjem frå ordet for å stå eller stille opp, *-sta. Eit naust tydde for nokre tusen år sidan rett og slett ein plass der båten stod, seier Haug. No har vi rett nok ikkje funne spor av dette sammensette ordet i andre språkfamiliar enn vår, så språkforskarar veit eigentleg ikkje om ordet faktisk vart brukt av indoeuropearane. Ein gyllen regel er at ein bør finne att ord i minst tre ulike språkfamiliar før ein kan seie at det faktisk eksisterte i urindoeuropeisk.

Udøyeleg ry

– Samstundes tyder myke på at urindoeuropearane var glad i diktarkunsten. Ved å samanlikne dikt i eldre skrifter i gammalgresk og sanskrit kjenner vi til dømes til den poetiske vendinga udøyeleg ry, *n̥dhgwhitom k’lewos. Det er meir sannsynleg at den poetiske vendinga kjem frå eit felles opphav, altså urindoeuropeisk, enn at ho har reist tusenvis av kilometer frå Asia til Europa, eller omvendt, forklarer han. Fleire språkhistorikarar forsøker nemleg å rekonstruere fraser, ikkje berre ord.

Nokre språkforskarar har jamvel freista å gå endå lenger tilbake enn urindoeuropeisk, ja, heilt tilbake til dei aller fyrste orda som menneskeætta ytra. Men då sluttar gjerne vitskapen, og spekulasjonane tek over.

– Den historisk-samanliknande metoden strekkjer seg tilbake til urindoeuropeisk, ikkje lenger, forklarar Haug.

Det er likevel ikkje reint lite, og forskarane held fram med å fylle puslespelbiletet med endå fleire ord – eller *wr̥dhom, som ein ville seie for fleire tusen år sidan.

 

-- Ole Våge er seniorrådgjevar i Språkrådet.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:30.11.2015 | Oppdatert:27.01.2021