Terningen er kasta

1: einevelde, 2: tvilling, 3: treeining, 4: kvadrat, 5: kvintett, 6: sekstant. Augo på terningen skjuler mang ei historie om talorda våre, alle med indoeuropeiske røter.

AV ERLEND LØNNUM

 Terning: 1

Einaren kjem frå oino, som har gitt germanske ord som elleve og enke og latinske ord som unik og univers.

 Terning: 2

Toaren kjem frå duo, som har gitt germanske ord som tvitydig og tvil og latinske ord som duell og biceps.

 Terning: 3

Trearen kjem frå treies, som har gitt germanske ord som tredje og dreiel og latinske ord som trippel og tribune.

 Terning: 4

Firaren kjem frå kwetuōr, som har gitt ord som firkløver, kvartal, kaserne og trapes.

 Terning: 5

Femmaren kjem frå penkwe, som har gitt ord som finger (kanskje), kvintessens, pentagon og punsj.

 Terning: 6

Seksaren kjem frå sueḱs, som har gitt ord som semester, siesta, sekstett og heksagon.

Sjølve terningen har med talet fire å gjere. Ordet skal vere omlaga av lågtysk terninc frå latin quaternio, som tyder ‘firar i terningspel’, ein populær syssel blant romerske soldatar.

Og som vi veit, då Julius Cæsar kryssa Rubicon, skal han ha utbrote: Terningen er kasta!

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:21.09.2016 | Oppdatert:27.01.2021