Normerte folk

No image

Masaiar og saharawiar har fått nye namn på papiret. Det same har mange religiøse og historiske grupper – i grammatisk forstand.

AV ERLEND LØNNUM

Normeringsvedtaket Språkrådet gjorde i haust, gjeld mellom anna ei gruppe nynorske hankjønnsord med religiøst eller historisk opphav, som anglikanar, birkebeinar, bysantinar, fransiskanar, germanar, lutheranar, mohikanar, plebeiar og rabbinar. Dei hittil tillatne kortformene «anglikan» mfl. går ut fordi dei ikkje er så mykje i bruk lenger, mens dei hyppigare brukte langformene anglikanar mfl. blir ståande. Her blir altså valfridomen mindre.

Masai

Vidare skal masai (om den austafrikanske folkegruppa) vere normert skrivemåte i begge målformer. Her har det vore ein umotivert skilnad mellom bokmål (masai) og nynorsk (massai). Forma masai er den klart mest brukte, og dagens prinsipp for fornorsking av importord taler òg for masai.

Saharawi

Ei heilt ny normering i begge målformer gjeld namnet på personar frå Vest-Sahara: saharawi, med det tilhøyrande adjektivet saharawisk. Saharawi blei valt framfor «sahrawi» og «saharavi», som er mindre i bruk.

Her har det vore mykje variasjon i språkbruken, så normeringsvedtaket vil vere ei god rettesnor for språkbrukarane.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:29.11.2016 | Oppdatert:27.01.2021