Kva trengst for å sikra eit språk under press?

No image

Det som trengst, er å sikra tilgang til språket og leggja forholda til rette for bruk av språket. For å få det til krevst politisk evne og vilje, eit godt lovverk, økonomiske støttetiltak og aktive språkbrukarar.

AV SIGVE GRAMSTAD

Internasjonalt er det mange programmatiske fråsegner om retten til sitt eige språk. I Europa finst i tillegg eit regelverk som inneheld både standardar og konkrete reglar for vern av minoritetsspråk: Den europeiske pakta for vern av region- og minoritetsspråk.

Pakta er ein konvensjon som Noreg har slutta seg til. Ho gjeld for minoritetsspråk som er og har vore i tradisjonell bruk, og i norsk samanheng gjeld ho for samisk, kvensk, romanes og romani. Pakta gjeld ikkje for det mindre brukte nasjonalspråket nynorsk, i motsetning til i Finland, der ho gjeld for svensk. Europarådet tok spørsmålet opp under første tilsynsrunden, m.a. med Noregs Mållag, og resultatet blei at Europarådet ikkje tilrådde at språkpakta skulle gjelda for nynorsk.

Noreg utviklar politiske ideal

Den europeiske språkpakta har reglar for alle delar av samfunnet, frå utdanningssystemet og rettsvesenet til økonomisk og sosialt liv. Bakgrunnen for denne heildekkinga er m.a. at domenetap for eit språk innanfor eitt samfunnsområde lett kan påverka andre område. Språkpakta inneheld òg reglar om tilsyn, nasjonale rapportar og ein toårleg rapport frå generalsekretæren i Europarådet til Parlamentarikarforsamlinga om situasjonen for region- og minoritetsspråk i Europa.

Arbeidet med pakta er ein del av Europarådet sitt arbeid for menneskerettar, noko som òg gir eit viktig politisk signal til medlemslanda. Elles blir det sagt i pakta at europeisk historie har vist at vern av nasjonale minoritetar og minoritetsspråk er viktig for stabilitet, demokratisk tryggleik og fred i Europa, og at kulturelt mangfald og toleranse og respekt for minoritetar er sentralt for dei europeiske verdiane, som demokrati og ytringsfridom.

Desse politiske ideala og standardane har Noreg vore med på å utvikla internasjonalt, og dei er viktige grunnsetningar i det norske samfunnet. Det var såleis enkelt for Noreg å slutta seg til språkpakta.

Hos oss har språk og språkvern tradisjonelt blitt knytt til utdanning og kultur. I dei siste tiåra har relasjonen mellom språk og minoritetspolitikk blitt sterkare. Det har blitt sett fokus på problemstillingar som ikkje alltid er like lette å handtera, nemleg at minoritetar har visse rettar, og at det er nødvendig med særbehandling for at minoritetsrettar skal kunna oppfyllast. Grunnen er ei erkjenning av tyngdekrafta i majoritetsspråket. Om ingenting blir gjort, vil minoritetsspråket tapa. 

Vi ser i fleire europeiske land at oppfatninga om at minoritetar treng særbehandling, er under angrep. Slike tendensar finst i vårt land òg, men den store majoriteten, både innanfor og utanfor Stortinget, meiner at det norske samfunnet skal byggja på demokratiske ideal og eit syn på menneskerettar og kulturelle verdiar lik dei som kjem til uttrykk i språkpakta.

Norsk er nasjonalspråket i Noreg

Retten til språk, også minoritetsspråk, er eit grunnvilkår i eit demokrati. Rett til og vilkår for bruk av minoritetsspråk må fastsetjast i lovs form. Lov føreset ein nasjonal politisk diskusjon, og reglar som er fastsette i eller i medhald av lov, treng dermed ikkje å bli avgrensa til statsorgan, men kan gjelda for heile samfunnet. Ei lov er òg eit prinsipielt vern mot misbruk eller utvatning av reglane, ettersom lovendring krev ny nasjonal politisk diskusjon og vedtak i Stortinget.

I ei ny språklov bør det for det første slåast fast at språkvern er eit viktig demokratisk og kulturelt grunnprinsipp. Retten til å ytra seg på sitt språk og aksept for språket som ein integrert del av norsk kultur og tradisjon må sjåast i samanheng med ei plikt for staten til å halda språket i hevd og gjera det tilgjengeleg i samfunnet.

I formålsdelen av språklova bør det òg slåast fast at norsk er nasjonalspråket i Noreg, og at det skal kunna brukast i alle samanhengar, når ikkje anna er særskilt fastsett. Det siste kan t.d. gjelda bruk av samisk. På den måten kan lova òg vera med på å hindra at engelsk trengjer til side norsk som bruksspråk. Det bør vidare markerast i lova at det finst to norske språk, bokmål og nynorsk. Nemninga «målform» (for å skilja dei to norske språka) skaper uklarheit og bør avskaffast.

Ei språklov bør vera ei generell, overgripande lov, og ho bør supplerast med reglar i spesiallover, som lov om opplæring. Men all regulering i spesiallov må vera i samsvar med formålet i språklova. Det er òg heilt avgjerande at tilsynet med at språkreglane blir etterlevde, femner om alle samfunnsområde.

Dei seinare åra har det skjedd store endringar på mange samfunnsområde, og det er ei utvikling som ser ut til å halda fram. Ein trend er samanslåing til større einingar. Det skjer innan statleg sektor ved samanslåing av politi- og rettsdistrikt, på fylkesnivå ved samanslåing av fylkeskommunar og på lokalt nivå ved samanslåing av kommunar – og i kommunane er nedlegging og sentralisering av skular eit stadig tilbakevendande tema. Den normale utviklinga er at eit minoritetsspråk i eitt område blir eit endå mindre minoritetsspråk når det området blir ein del av eit større område. Ein annan trend er flytting av oppgåver mellom forvaltningsnivå og privatisering av offentlege tenester, t.d. innan helse- og omsorgssektoren og samferdselssektoren.

Slike endringar er styrte av heilt andre omsyn enn dei språklege, og konsekvensar for retten til språk er sjeldan vurdert. I ei språklov må slike samfunnsendringar handterast på ein måte som sikrar retten til språket.

Rapportering og tilsyn er avgjerande for at reglar for tilgang til og bruk av språk kan gjennomførast. Sidan lov om offentleg målbruk kom tidleg på 1980-talet, har det normale vore at statlege organ ikkje har oppfylt dei lovpålagde pliktene sine. Lovbrot her har heller ikkje vore så farleg.  Ei påminning om at ein bør skjerpa seg, har stort sett vore einaste reaksjon, og sabotering av regelverket har berre ført til utvatning av reglane.

Ei språklov bør derfor innehalda føresegner om eit effektivt tilsynsapparat og eit sett av sanksjonar for regelbrot.

Plikt til å rapportera

Tilsyn inneber m.a. at dei organa som reglane om språkbruk gjeld for, må ha plikt til å rapportera om korleis dei etterlever reglane. Rapportering bør skje til eitt organ, som følgjer opp rapportane. Kvart storting bør drøfta språksituasjonen minst éin gong, og eit viktig grunnlag for den drøftinga må vera ein samla rapport om den språklege situasjonen med framlegg til oppfølging. Dette systemet er gjennomført på europeisk plan, der landa som har ratifisert språkpakta, rapporterer til Europarådet kvart tredje år, og der ein tilsynskomité følgjer opp rapportane og gir tilrådingar til Europarådet om kva som bør gjerast, om rapportane gir grunnlag for slike tilrådingar.

Den europeiske språkpakta inneheld ingen sanksjonar ved regelbrot, bortsett frå den internasjonale gapestokken som gjeld for land som ikkje behandlar minoritetane og minoritetsspråka i samsvar med europeiske standardar og regelverk. På nasjonalt nivå er situasjonen annleis, og statlege tilsynsorgan innanfor andre politikkområde har bøtelagt både offentlege og private verksemder for brot på fastsette reglar.

Snart 40 år utan sanksjonar har vist at verken vennlege eller strenge oppmodingar har ført til særleg betre oppfølging av språkreglane. Det kan sjå ut til at bruk av andre sanksjonar, som føretaksbot, er ein nødvendig veg å gå om reglane skal følgjast.

Mange offentlege organ får eit større geografisk verkeområde enn før. Ei sannsynleg endring er at det vil føra til fleire såkalla språkleg nøytrale forvaltningsområde. I slike område har bokmål i praksis blitt dominerande. Ein auke i språkleg nøytrale område betyr såleis mindre bruk av nynorsk. For å motverka ei slik utvikling bør ein vurdera å innføra kvoteordningar for bruk av nynorsk i språkleg nøytrale forvaltningsområde, på linje med det ein har nasjonalt. Kvotar kan fastsetjast i lov, forskrift eller i samråd med kompetent organ, t.d. Språkrådet, på grunnlag av prinsipp som er fastsette i lov. Retten til svar på eige språk må gjelda utan omsyn til tenestemål.

Kommunal sektor er i dag unnateken frå konkrete reglar om språkbruk, bortsett frå på utdanningsfeltet. Sentralisering av skular, helseinstitusjonar og kommunal administrasjon vil sannsynlegvis halda fram. Slik sentralisering vil truleg gjera situasjonen verre for det mindre brukte språket. Det er i dag vanskeleg å sjå gode grunnar for å gjera unntak for kommunal sektor frå reglar om språkvern og språkbruk.

Privatisering har ført til at somme tidlegare offentlege tenester no blir utført av private. Det gjeld særleg innan samferdsel, helse og utdanning. Slik privatisering skjer på grunnlag av vilkår som blir fastsette av det offentlege. Dette gjeld ofte basistenester som folk tradisjonelt har rekna med at det offentlege har ansvar for. Dersom ikkje sikring av språk for slik tenesteyting blir med i vilkår, vedtekter eller på annan måte for dei private som skal stå for tenestene, vil det mindre brukte språket som regel forsvinna. For å sikra at det ikkje skjer, må reglar om språkbruk bli ein del av vilkår for slik privatisering.

Moderne og tradisjonell

Det vanskelege er ikkje å få aksept for at eit demokratisk samfunn òg har ansvar for å ta vare på minoritetane og minoritetsspråka i samfunnet. Det vanskelege er å få aksept for at det krev særlege tiltak, at det som mange oppfattar som «urettferdig særbehandling», er nødvendig for å få eit rettferdig resultat.

Eg håpar at ei ny språklov blir moderne i den meininga at ho tar inn over seg det som skjer i dag av endringar på mange samfunnsområde, og at ho blir tradisjonell i den meininga at ho byggjer på den norske språksituasjonen og tradisjonen for språkleg mangfald, og på arven av dei demokratiske og menneskerettsideala som er grunnfesta i samfunnet vårt og i dei samfunna vi ønskjer å samanlikna oss med.

 

-- Sigve Gramstad er jurist og tidlegare leiar av Europarådets ekspertkomité for den europeiske språkpakta.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:27.05.2019 | Oppdatert:26.01.2021