Ny og klar forvaltningslov

No image

Forslaget til ny forvaltningslov inneheld språklege krav. – Viss dette blir vedtatt, er det historisk, seier direktør i Språkrådet, Åse Wetås. 

Forslaget til ny forvaltningslov blei lagt fram i mars. Lova skal først og fremst gjelde for dei forvaltningsorgana som høyrer til staten, fylkeskommunane og kommunane. Lovforslaget seier at forvaltningsspråket er norsk, og at forvaltningsorgana blir pålagde å bruke eit språk som er klart, presist og tilpassa mottakaren. Dessutan har lovutvalet lagt vekt på klart og forståeleg språk i sjølve lovteksten.

– Det er rett og rimeleg at sentrale lover som vedkjem mange, blir skrivne slik at dei er lette å forstå, seier Wetås.

Språkrådet har kome med innspel til forvaltningslovutvalet undervegs og levert utkast til omsetjing av lovteksten til nynorsk. I NOU-en (Noregs offentlege utgreiingar) blir lovforslaget presentert både i bokmålsversjon og nynorskversjon.

Klart språk i viktige lover

Klart språk og ryddig struktur inngår i mandatet til fleire utval som skal skrive nye eller revidere eksisterande lover. Det gjeld mellom anna desse:

  • ny vallov
  • ny opplæringslov
  • ny universitets- og høgskolelov
  • ny straffeprosesslov
  • ny barnelov
  • ny kommunelov

I mandatet til utvalet som har revidert kommunelova, heiter det: «Hensynet til forenkling, oversiktlighet, lesbarhet og praktisk anvendbarhet må stå sentralt ved utarbeidingen av lovteksten.» Dette har skjedd med hjelp frå Språkrådet. Den nye kommunelova blir truleg sett i kraft hausten 2019.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:27.05.2019 | Oppdatert:26.01.2021