Historia bak: Ord med makt

No image

Aristokrati, demokrati og teokrati er mektige og nyttige ord. Dei kan vi takke grekarane for.

Det gammalgreske substantivet kratos tydde mellom anna ‘makt, styrke’. Avleiinga ‑kratia, til bruk i samansetjing, tydde ’styre’. Vi har såleis ei rekkje samansetjingar med -krati som viser til styreformer. Fleire av orda skriv seg frå antikken (som aristokrati, demokrati og teokrati), medan andre er laga i nyare tid i engelsk (meritokrati og teknokrati) eller fransk (byråkrati).

Her er nokre av dei mest omtalte kratia i verda:

  Forstaving Vanleg tyding
aristokrati aristos ‘best’ (gresk) adel
autokrati autos ‘sjølv’ (gresk) einevelde
byråkrati bureau ‘kontor’ (fransk) administrasjonsapparat
demokrati demos ‘folk’ (gresk) folkestyre
meritokrati meritum ‘noko fortent’ (latin) elitestyre
plutokrati plutos ‘rikdom’ (gresk) rikmannsstyre
stratokrati stratos ‘-hær’ (gresk) militærstyre
teknokrati tekhne ‘kunst, middel’ (gresk) teknikarstyre, ekspertvelde
teokrati theos ‘gud’ (gresk) prestestyre

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:26.05.2020 | Oppdatert:25.01.2021