Ord på rett spor

Direktør i Språkrådet Åse Wetås

I krisetider høyrer me ofte om beredskap. Det inneber at samfunnet skal vera budd på hendingar som er utanfor det normale. Alle norske husstandar blir oppmoda om å ha jodtablettar liggjande i tilfelle det skulle skje ei atomulykke. Me har eit naudnett som skal syta for kommunikasjonen dersom telefonnettet er nede. Frølageret på Svalbard skal sikra at mat- og nytteplantane i verda ikkje blir utrydda.

Me har altså ein beredskap for ulykker og katastrofar. Men koronakrisa viser tydeleg at me òg treng ein språkleg beredskap. Eg bruker ofte å seia at språket er den viktigaste infrastrukturen me har. Språket vårt er motorvegane, bygatene, trikkespora og skjenegangane som bind samfunnet vårt saman og sikrar god kommunikasjon. Som all annan infrastruktur treng språket å bli bygd ut og halde ved like. Om me forsømmer oss, bryt kommunikasjonen saman, og bodskapen hamnar i grøfta.

Under koronakrisa har me sett kor viktig det er at informasjonen frå det offentlege er klar og tydeleg. Skal tiltaka frå styresmaktene fungera, må informasjonen vera forståeleg. Me må passa på at viktige meldingar når ut til alle. For eksempel må nyheitssendingar bli sende med teiknspråktolking, og viktig informasjon bør vera tilgjengeleg på alle dei språka Noreg har eit særleg ansvar for.

Me må heller ikkje gløyma at det bur mange i landet vårt som har andre morsmål enn norsk. Om alle skal delta i ein dugnad, må dei få vita kva dugnaden går ut på. Då er det viktig at det offentlege syter for å få omsett viktig informasjon til nokre av dei mest brukte framandspråka i Noreg. Du kan lesa meir om både språk i krisetider og nye innvandrarspråk i dette nummeret av Språknytt.


Signatur
Åse Wetås
direktør i Språkrådet

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:26.05.2020 | Oppdatert:25.01.2021