Altfor artige avløysarar?

No image

Pepptalen må ha hjelpt, for etter pausen vart det trillingmål.

Trekksekker på tjukkel er eit uvant syn.

Eg liker dårleg namneskvetting og plottblotting.

I desse døma er det seks norske avløysarord som ein ser svært sjeldan. Det er nemleg dei engelske ekvivalentane som har sett seg i språket vårt – slik det ofte er når vi låner ord frå engelsk. Kanskje er dei norske forslaga litt for artige til å slå igjennom?

Kuriositetar

Pepptale er eit av fleire norske alternativ til engelsk peptalk ‘oppmuntringstale, appell’, andre er peppreik, pepprat, piffprat og kveikpreik. Ingen av dei har lukkast.

Trillingmål er det same som hat trick ‘tre mål etter kvarandre av same spelar i same kamp’. Men det har ikkje vunne fram.

Trekksekk (jf. trekkfugl) er ein humoristisk variant av backpacker som ikkje har fått fotfeste. Det meir sjølvforklarande ryggsekkturist er lengre, men fungerer godt.

Tjukkel, eller tjukksykkel, er ei omsetjing av fatbike ‘sykkel med ekstra tjukke dekk’. Men då tjukkel kom på bana, var tjukksykkel alt i mål.

Namneskvetting, namnestrøing eller namnedryping kan stå for namedropping, men det er ikkje mange som slår om seg med desse avløysarane.

Plottblottar, røpealarm og røpevarsel er fornorskingar av spoiler alert ‘det å røpe handlinga i ein film eller ei bok’. Vi røper ikkje mykje med å seie at dei er lite brukte.

Meir eller mindre vellukka

Avløysarord som minnepinne for memory stick, nakkesleng for whiplash og beste sendetid for prime time har til gjengjeld glidd godt inn i språket. Mange har sansen for dei norske avløysarane, og det treng ikkje vere eit lyte at dei er artige, fyndige og direkte.

Like bra har det ikkje gått med motemolo for catwalk, tusjtavle for whiteboard og augetøy for eyewear, endå det er lite å seie på sjølve oppbygginga av orda. Og enda verre er det altså med avløysarane i innleiinga, som framleis ventar på avløysing.

 

-- Erlend Lønnum, redaktør

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:25.09.2018 | Oppdatert:27.01.2021