Namn på språk

No image

Verda har mange språk som berre få kjenner til. Korleis skal vi skrive namna på desse språka på norsk? Språkrådet og Store norske leksikon arbeider med saka.

AV PÅL ERIKSEN

Kor mange språk finst det i verda? Eit eksakt tal er umogleg å gje, blant anna fordi det ofte er vanskeleg å skilje språk frå dialekt, men dei vanlegaste overslaga er på omkring 6000 språk. Brorparten av dei er rett nok språk dei færraste har høyrt om eller kjem til å støyte på i kvardagen, fordi dei er små minoritetsspråk.

Tungekrøll

Desse små språka kan vere totalt annleis oppbygde, i både grammatikk og lydsystem. Eit godt døme på det siste er sjølve namna til språka. Ta til dømes språk som !xóõ i Botswana, nuu-chah-nulth på Vancouver Island i Canada, aritinngitigh i Nord-Australia, tlacoapa me’phaa i Mexico, xârâcùù og hmwaveke på Ny-Caledonia i Stillehavet og khwarshi-inkoqwari i Kaukasus-fjella i Russland.

Språk som !xóõ, nuu-chah-nulth og aritinngitigh byr på utfordringar for norske tungeband.

Desse namna byr på utfordringar for norske tungeband. Det kan vere problematisk når vi skal snakke eller skrive om desse språka i ei norskspråkleg kontekst; då skulle vi helst hatt meir norsktilpassa utgåver. Namna ovanfor står nemleg slik dei vert skrivne i engelskspråklege vitskaplege kjelder. Mange språknamn manglar fastsette norske skrivemåtar.

Vrien systematisering

Språkrådet har det siste året samarbeidd med Store norske leksikon om å utarbeide norske versjonar av språknamn, baserte på databasen Ethnologue, som gjev oversyn over språka i verda. Ei offisiell liste over stavemåtar kjem i 2021.

Undervegs i arbeidet har det vore nok av problem å bale med. Vi måtte mellom anna avklare kva vi skulle gjere med endinga -(i)sk. Mange av dei språknamna vi har frå før på norsk, har denne endinga: svensk, engelsk, tyrkisk osb. Skulle vi la alle andre språknamn få same ending? I somme tilfelle, som det finsk-ugriske språket komi, kunne resultatet verte litt komisk. Fleire framande språknamn har fått veletablerte namn på norsk utan ei slik ending, så som swahili og thai. Vi enda med å unngå -(i)sk på språknamn der det ikkje er etablert, for å få namnet så nær originalnamnet som mogleg (men komi vart faktisk komisk, fordi det finst ein viss tradisjon for det namnet).

Framande teikn

Eit viktig prinsipp er å unngå teikn som ikkje høyrer heime i det norske alfabetet. Det gjeld til dømes č og ž og utropsteiknet i !xóõ ovanfor. Vi nyttar rett nok utropsteikn i norsk teiknsetjing, men det speglar ikkje ein lyd på norsk. Utropsteiknet i !xóõ viser til ein såkalla klikklyd, som er vanleg i det sørlege Afrika, men som ikkje finst i norsk.

Eit viktig prinsipp er å unngå teikn som ikkje høyrer heime i norsk.

Apostrofar vil vi heller ikkje ha i språknamn, så kva gjer vi med mayaspråket k’iche’ i Guatemala? Apostrofane her står for ein støyt med stemmebanda, anten som sjølvstendig lyd eller som forsterkar til lydar som k. Dette er uvanleg i Europa, medan amerikanske urfolksspråk elskar det! Vår strategi med framande lydar er å erstatte dei med dei lydane på norsk som liknar mest, så for k’ kan vi bruke ein vanleg norsk k, og apostrofar som står aleine, utelèt vi. Av k’iche’ får vi dermed norsk kitsje. Her ser vi òg eit tredje viktig prinsipp: Lydar skal skrivast slik vi gjer det i norsk rettskriving. Sekvensen ch i k’iche’ er den same lyden som norsk tsj, så då skriv vi det.

Men skal verkeleg alle språknamn fornorskast slik? Må vi skrive tsjeroki og kaiova i staden for cherokee og kiowa? Nei. Vi skal framleis kunne nytte veletablerte skrivemåtar, sjølv om dei ikkje heilt følgjer vanleg norsk rettskriving.

Full fasit får du når heile lista over språknamn er klar neste år. Følg med på nettsidene til Språkrådet.

 

-- Pål Eriksen er seniorrådgjevar i Språkrådet.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:21.09.2020 | Oppdatert:25.01.2021