Framtida for språk i Noreg

No image

Språkrådets framtidsutval leverte rapporten Språk i Norge – kultur og infrastruktur til kulturminister Trine Skei Grande 21. november. Mandatet har vore å finne ut kor ein må setje inn kreftene for å sikre språka i Noreg.

Utgangspunktet for framtidsutvalet har vore stortingsmeldinga Mål og meining. Ein heilskapleg norsk språkpolitikk frå 2007–2008, og mykje av arbeidet har handla om å samanlikne situasjonen i dag med det biletet som blei teikna der. I tillegg har gruppa vurdert om språkpolitikken også bør dekkje arbeidsfelt som ikkje var tema for ti år sidan.

Temaa i rapporten er språkmangfald i arbeidslivet, språkteknologi i kvardagen, mediespråk i endring, språk i skolen, språkval i akademia og det fleirspråklege Noreg.

Tydelegare språkansvar

I føreordet til rapporten skriv utvalet:

«Det er ingen tvil om at norsk språk er ein sentral infrastruktur i det norske samfunnet. Denne infrastrukturen står sterkt, men han må røktast for å halde seg sterk også i framtida.

I vedtektene til Språkrådet står det at ‘Språkrådet skal verna om den kulturarven som norsk skriftspråk og talespråk representerer, fremja tiltak som kan auka kunnskapen om norsk språk, fremja toleranse og gjensidig respekt i forholdet mellom alle som bruker norsk språk i den eine eller andre varianten, og verna om dei rettane som kvar enkelt borgar har når det gjeld bruken av språket’. Språkrådet har også i oppgåve å ‘ta omsyn til den totale språksituasjonen i landet’, men det er vagt forklart kva dette eigentleg tyder i praksis. Utvalet meiner at Språkrådet må tilleggast eit tydelegare ansvar for å fremme toleranse og gjensidig respekt for heile det språklege mangfaldet i Noreg og ikkje berre for norsk språk.»

Utvalet understrekar vidare at språk grip inn i mange sektorar: «Det er noko mange departement har og bør ha ein aksje i, men sjølv ti år etter Mål og meining har ikkje språkpolitikk blitt det sektorovergripande politikkområdet det bør vere.»

Rapporten vil bidra til mange diskusjonar om viktige spørsmål i det norske språklandskapet i åra frametter.
Tilrådingar frå utvalet
  • Opplæring i norsk er sentralt i eit fleirspråkleg arbeidsliv, og særleg EØS-innvandrarar må sikrast tilbod om å lære norsk.
  • Ei fornya satsing på innsamling av og arbeid med språkdata som speglar norsk talemål og skriftspråk, er naudsynt for at gode språkteknologiske produkt skal bli tilgjengelege på norsk.
  • Dei språkpolitiske måla må styre valet av politiske verkemiddel på mediefeltet for å sikre at norsk språk blir brukt og utvikla.
  • Norsk må inngå i den obligatoriske delen av grunnskolelærarutdanninga, slik at alle barn får sikra dei språklege rettane sine på både bokmål og nynorsk.
  • Det trengst overordna, effektive insentiv og ressursar for å støtte bruken av norsk i universitets- og høgskolesektoren.
  • Det må fastsettast i den varsla språklova at staten har eit ansvar for å verne og fremme dei nasjonale minoritetsspråka kvensk, romanes, romani og norsk teiknspråk.
  • Språkrådet må i større grad enn i dag få ansvar for og nytte ressursar på formidling av kunnskap om fleirspråklegheit.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:06.12.2018 | Oppdatert:26.01.2021