Også englar taler trøndersk

No image

Kulturminister Trine Skei Grande har hjarte for språk, både som politikar og privatperson.

AV ERLEND LØNNUM

Statsråden i Kulturdepartementet taler varmt om språkmangfaldet i Noreg – om målformer og minoritetsspråk, om dialektar og ungdomsspråk, om lover og reglar og mykje meir. Det er altså ein ekte språkpolitikar som taler:

Som kulturminister vil eg seie at språk er den kanskje viktigaste kulturberaren i samfunnet.

Språk i heimen

Korleis oppstod interessa di for språk og språkpolitikk?

– Da eg vaks opp i Overhalla i Trøndelag, gav familien meg streng beskjed om å halde på dialekten, same kva eg skulle bli, og kor eg måtte flytte. Det gjorde meg språkleg medviten frå tidleg i livet, og det har hjelpt meg mykje.

For å illustrere fortel ho om den gongen ho skulle vere engel i julespelet på skolen.

– Mamma hadde laga englevingar av gule reklameplakatar frå Spar-butikken og sydd om eit laken til kostyme. Da eg stod på kjøkkengolvet og øvde på dei få replikkane eg hadde, sa mamma: «Du må hugse på å ikkje snakke bokmål. Du må snakke dialekt.» Eg protesterte: «Men mamma, har du nokon gong høyrt om ein engel som snakkar trøndersk?» «Ja», sa mamma, «eg er sikker på at dei finst.» Sidan har eg halde på at også englar snakkar trøndersk.

– Eg er sikker på at medvitet om dialektar gir oss eit større språkleg medvit i det heile. I Noreg er vi særs heldige som har to skriftlege variantar av hovudspråket vårt, bokmål og nynorsk, og eit høgst levande dialektgrunnlag som er legitimert av dei to skriftspråka, seier Skei Grande, og understrekar at ho kjem frå nynorskpartiet Venstre.

Statsråden minner om at språka, også dialektane, utviklar seg og er fulle av lånte ord.

– Trønderdialekten min har fått mange uttrykk frå tysk og engelsk fordi det var mange tyske og engelske fiskarar i heimtraktene på 1800-talet. Derfor seier vi at vi «lieber» kvarandre når vi er forelska. I Verdal, litt lenger sør i Trøndelag, finn ein fleire franske ord etter dei franske soldatane som var der ein gong i tida. Der kallar dei ein folkehop for «plottong».

– Det er altså ikkje slik at dialektane er heilt urnorske. Min dialekt er ganske internasjonal, og det synest eg er kult. Og kven veit, kanskje grandnevøen min kjem til å ta inn nokre ord frå urdu i talespråket sitt?

Språk i ungdomen

Kva vil du seie om språket til unge nordmenn?

– Det er morosamt å følgje med på språkutviklinga til dei unge. Stadig fleire lærer seg norsk i dag, og stadig fleire skriv meir enn før. I oppveksten min skreiv vi stil ein gong i månaden og nokre brev i ny og ne, og det var det. I dag skriv dei unge SMS-ar og Facebook-oppdateringar dagleg og leverer skriftlege skoleoppgåver langt oftare. Eg trur derfor at det språklege medvitet er større i dag enn da eg var ung.

– Eit anna døme er bannskapen. Særleg unge banner stadig oftare på andre språk enn norsk. Er det fordi vi prøver å vere meir siviliserte, fordi banning på engelsk ikkje er så ille? Nei, vi må nok slå eit slag for den norske bannskapen igjen.

– Uttrykksmåtar frå eit anna språk kan uansett gi ein annan effekt. Det merka eg da eg var i bryllaupet til bestevenninna mi. Ho ønskte eigentleg å avslutte talen til mannen sin med «Eg elskar deg», men da ho stod og øvde, begynte ho berre å grine, så ho valde i staden å seie «I love you».

Språk i samfunnet

Kva er dei største utfordringane for norsk språk framover?

– Språket er i endring heile tida, og det er ingen grunn til å slå alarm fordi vi tar inn enkeltuttrykk frå andre språk, sjølv om vi helst bør finne norske ord der vi kan. Det er langt viktigare å passe på at andre språk ikkje overtar heile felt i samfunnet, slik engelsk er i ferd med å dominere i akademia. Viss eit språk mistar den akademiske versjonen, mistar det til slutt seg sjølv og blir eit kjøkkenspråk. Det uroar meg. Derfor tar vi i Kulturdepartementet grep for å ta vare på det norske fagspråket, i samarbeid med Kunnskapsdepartementet, Språkrådet og universitets- og høgskolesektoren.

– Eit anna felt vi ønsker å satse stort på framover, er språkteknologi. I statsbudsjettet har regjeringa løyvd 10 millionar kroner til Språkbanken, som samlar inn viktige språkdata. Skal vi henge med i den raske teknologiutviklinga, må vi òg samle inn slike data. Det må ikkje bli sånn at vi berre kan snakke engelsk til smarthøgtalarane våre. Også Magda på Voss skal få lov til å snakke vossedialekt til roboten sin på kjøkkenet. Men hittil har ikkje spørsmålet om språkdata fått så mykje merksemd.

Kan hende blir det annleis når den nye språklova kjem?

– Ja, det får vi håpe. Norsk språk treng ei lovforankring. Derfor er vi i gang med å lage ei språklov og ei språkmelding knytt til den nye lova. Eg er mellom anna opptatt av at vi må sikre det norske teiknspråket, dei nasjonale minoritetsspråka og dei samiske språka betre.

Språk i mindretal

Kvifor kan du så mykje om til dømes teiknspråk?

– Det er fordi eg har fleire venner som bruker teiknspråk. Det var fleire i døvemiljøet som begynte å engasjere seg i Venstre, og på dei første landsmøta hadde vi teiknspråktolking. Nå trur eg faktisk at alle partia bruker teiknspråktolkar. Så vi sette standarden.

Norsk språk treng ei lovforankring.

– Eg heldt fleire foredrag for Døveforbundet, der eg insisterte på at dei ikkje berre burde vere ein interesseorganisasjon, men at dei òg måtte inn i partia og påverke politikarane frå innsida. Det er ikkje lenge sidan dei fleste partia snakka om teiknspråk som eit hjelpemiddel for funksjonshemma og ikkje som eit eige språk. Eg er glad for at vi i dag har klart å auke medvitet og kunnskapen om norsk teiknspråk. Det skal vi halde fram med.

– Eit anna språk eg vil trekke inn, er sørsamisk, som var morsmålet til fleire der eg budde som barn. Men dei skjemdest over å bruke det. Det gjorde sterkt inntrykk på meg. Det gjorde òg Alta-saka, som blei ein politisk vekkar for meg. Den gongen handla det ikkje så mykje om miljøet for min del, men om at storsamfunnet tråkka på dei små menneska, at staten køyrde over enkeltindividet. Det handla om det å vere samisk og det å ha eit anna språk. Og det vekte det språkpolitiske engasjementet mitt.

Språk i staten

Korleis står det til med det språket styresmaktene bruker overfor befolkninga?

– Staten er ein viktig språkinstitusjon. Statens største utfordring er ikkje å halde på det faglege i språket sitt, men på klarleiken. Det er ikkje slik at jo vanskelegare du skriv, jo smartare er du. Av og til må du vere skikkeleg smart for å skrive noko enkelt. Eg ønsker at staten skal kunne skryte av det.

– For å ta vare på språket og jamne ut skilnader i samfunnet må vi halde fram med det gode klarspråksarbeidet. Når styresmaktene skriv så folk forstår det, kjem det fram at staten er noko som høyrer til folket. Det skal ikkje vere slik at du må ha ein høgare universitetsgrad for å forstå eit brev frå det offentlege.

Av og til må du vere skikkeleg smart for å skrive noko enkelt.

– Målet er at vanlege borgarar skal kunne lese og forstå lovverket. Det skal vere mogleg også for meg, som berre har rettslære valfag frå vidaregåande skole, å skjønne ein høgsterettsdom. Det er viktig for demokratiet.

Språk i regjeringa

Korleis har du opplevd prosessen rundt KrFs ønske om å ville bli eit regjeringsparti?

– Eg er glad for at vi nå skal begynne å diskutere politikk mellom partia igjen. I språkpolitikken gler eg meg til å ha KrF på laget i regjeringa. Venstre og KrF har ei nær tilknyting til det språkleg samansette Noreg. Det skal bli morosamt å jobbe med både ei språkmelding og ei språklov saman med dei andre i regjeringa.

Språk på talarstolen

Trine Skei Grande trivst godt på talarstolen, men helst når ho kan tale fritt.

– Eg har alltid hatt litt problem med å lese. Det har gjort det enda klarare for meg kor viktig språk og særleg skriftspråk er, og kor mykje folk mistar når dei ikkje har full tilgang til skriftspråket.

– Eg minnest godt da læraren sette seg ned med mamma og sa: «Trine ser ikkje forskjell på alle bokstavane, så det må vi øve på.» Og så øvde vi på det, om att og om att, til eg klarte å skilje mellom B og D. Heldigvis var det ingen som prøvde å stille ein diagnose ved å kalle det dysleksi eller noko liknande. Det handla berre om å arbeide litt hardare enn andre.

– Framleis kan eg bli stressa av å lese tekstar. Det veit medarbeidarane mine alt om, for eg følgjer ikkje alltid manus. Noko av det skumlaste eg gjer, er å lese høgt grunngjevinga til ein jury. Da må eg jo halde meg til det som faktisk står der. Eg kan ikkje akkurat improvisere. Men vi som ikkje er så stødige til å lese, er samstundes ganske heldige, for vi har utvikla mange gode teknikkar. Dei kunne alle hatt godt av å lære.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:06.12.2018 | Oppdatert:26.01.2021