Klarspråksjuristar for framtida

No image

Korleis skal ein regulere bruken av elsparkesyklar? Kva føresegner bør vera med i ei klimalov for kommunane? Dette er to av problemstillingane det fyrste kullet med jusstudentar som har prøvd seg som lovskrivarar ved Universitetet i Oslo, har grubla over.

AV SIGRID SØRUMGÅRD BOTHEIM

Hausten 2019 fekk jusstudentar i Oslo tilbod om ei ny undervisningsform. I staden for berre å lære å tolke regelverk, slik ein gjer i tradisjonell lovgjevingslære, måtte studentane greie ut lover sjølve. Arbeidsforma blir kalla lovlab, og resultata er – inspirert av Noregs offentlege utgreiingar (NOU) – JOU-ar, altså offentlege utgreiingar gjort av jusstudentar.

Fyrsteamanuensis Jon Christian Fløysvik Nordrum underviser i lovgjevingslære og meiner at jussutdanninga treng ein reformasjon.

– Vi ynskjer å utdanne juristar som skriv betre tekstar. Tidlegare har studentane skrive teoretiske tekstar og blitt testa i kunnskap. Nå får dei meir trening i å skrive juridiske tekstar som dommar, lover eller vedtak. Utdanninga blir meir verkelegheitsnær, og studentane blir meir aktiviserte. JOU-ane er simuleringar, men samtidig er dei ekte rapportar for verkelege oppdragsgjevarar, som kan bruke dei.

Ei språkleg bevisstgjering

Kaja Nordby er ein av studentane som skreiv ein JOU hausten 2019. Gruppa hennar fekk eit mandat frå Oslo kommune til å greie ut ei klimalov for kommunane. Ho seier at det har vore gøy å delta i lovlaben, som har vore nokså annleis enn anna undervisning.

– I løpet av studiet høyrer vi mykje om at språk og formuleringar skal vera enkle og forståelege. Men det er noko heilt anna å skrive formuleringane sjølv enn å tolke tekst som allereie finst. I utvalet som skulle skrive JOU-en, var det ikkje berre jusstudentar, og da vart vi konfronterte med vår eigen sjargong. Det var sunt for oss.

Digitaliseringa fører til ei desentralisering og demokratisering av jussen. Jon Christian Fløysvik Nordrum

Nordby meiner det er viktig at klarspråk blir ein del av jusstudiet, og ho vil gjerne ha meir undervisning som er lagt opp slik som lovlaben.

– Juss handlar mykje om kommunikasjon og overtydingsevne. Da er det nødvendig å arbeide med språket. Eg synest det har skjedd ei endring berre dei siste åra, det verkar som om det er meir merksemd rundt språk blant lovgjevarar òg.

Oppdragsgjevarane får eit nyttig produkt

Ein av dei andre JOU-ane sprang ut frå eit mandat frå Jussbuss og Juridisk rådgjeving for kvinner (JURK) til å gjennomgå utvalde punkt i rettshjelpsordninga. Dagleg leiar Jonathan Leifsson de Lange i Jussbuss set pris på at studentane har arbeidd med eit tema som er viktig for arbeidsplassen hans. Lovlaben er ei fruktbar undervisningsform, meiner de Lange, som sjølv er jusstudent.

– Ein må tenkje kritisk og setja seg inn i eit felt ein ikkje nødvendigvis kjenner frå før. Dessutan kjem det eit konkret produkt som kan brukast seinare, ut av arbeidet. Solberg-regjeringa har sett ned eit rettshjelpsutval som kjem med ei utgreiing i mai, og da kjem vi til å samanlikne utgreiinga frå utvalet med rapporten frå studentane.

Klarspråkssamarbeid med Bergen

I tillegg til å undervise i lovgjevingslære leiar Nordrum klarspråksprosjektet ved Det juridiske fakultetet. I 2016 inngjekk Universitetet i Oslo og Kommunal- og moderniseringsdepartementet ei avtale om å innføre klart juridisk språk i undervisninga. Satsinga på klarspråk har nyleg resultert i ei samarbeidsavtale med Universitetet i Bergen. Ifølgje avtala skal det lysast ut ei postdoktorstilling i Bergen for å forske på juridiske sjangrar og tekstkvalitet.

– Juss har ikkje ein etablert fagdidaktikk, men vi prøver å leggje grunnlaget for ein ny pedagogisk praksis. Da handlar det mykje om sjangerlære. Skal du skrive ein god tekst, må du veta kven som skal lesa teksten din, seier Nordrum.

Nyslått senter for framifrå utdanning

Det skjer mykje ved Det juridiske fakultetet i Oslo for tida. I desember 2019 fekk eit senter ved fakultetet, som utviklar erfaringsbaserte læringsformer, status som Senter for framifrå utdanning.

– Senteret er med på å fremja innovasjon i utdanninga, og lovlaben er eit godt eksempel på det. Studentane lærer gjennom å delta i staden for berre å observere. Det er noko heilt anna å ta imot eit verkeleg mandat enn å lesa om korleis ein skal arbeide ut frå eit mandat, seier Nordrum.

Lovlaben er òg ein del av prosjektet Den digitale jurist, som skal ruste studentane for arbeidslivet i framtida. Nordrum meiner at det blir utdanna ein heilt ny generasjon juristar nå.

– Dei som studerer nå, er meir komfortable med teknologi, dei er digitalt innfødde. Våren 2019 gjekk vi over til heildigital eksamen.

– Kva er skilnaden på å slå opp i lovsamlinga på papir og på nett?

– Lova er berre éi av mange rettskjelder. Når du slår opp i Lovdata på nett, finn du lokale forskrifter, forarbeid, rettspraksis, fråsegner og traktatar. Det er mykje meir effektivt å navigere i. Har du ein smarttelefon, kan du sitja kvar som helst, med tilgang til alle relevante norske rettskjelder. Digitaliseringa fører til ei desentralisering og demokratisering av jussen. Og nå lærer vi studentane å ta fordelane med digitaliseringa i bruk.

Klarspråk som verktøy for åpenhet i forvaltningen

Norske myndigheter arbeider for mer åpenhet i forvaltningen og deltar i samarbeidet Open Government Partnership (OGP), som har 78 medlemsland over hele verden. Kommunal og moderniseringsdepartementet samordner Norges deltakelse. Hvert medlemsland har en toårig handlingsplan med konkrete forpliktelser. Noen land har besluttet å arbeide med klarspråk som et middel til å skape en åpen forvaltning. Finland er ett av dem og skal blant annet lage en tiltakspakke for å bedre forvaltningens kunnskap både om klarspråk og lettlest tekst. Norge arbeider nå etter sin fjerde handlingsplan. Denne planen nevner ikke klarspråk, men i den første og andre forpliktet regjeringen seg til å iverksette klarspråkstiltak for å skape mer åpenhet i forvaltningen.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:10.02.2020 | Oppdatert:22.03.2022