Skriv for dei vrange, ikkje berre dei velvillige

No image

Vi vil gjerne skrive så enkelt og forståeleg som mogleg. Men gløymer vi dei vrange når vi skriv klarspråk?

AV HELLE BEER URHEIM

Det er alltid enklast å skrive for folk som veit det same, vil det same og har høve til å gjere det same som oss sjølve. Truleg veks den språklege sjølvinnsikta hos mange byråkratar, og det er godt. Det har vorte god skikk å syte for at til dømes nettsider duger for menneske med andre føresetnader enn det skribenten har. Men forsking syner at vi ikkje alltid tenkjer på lesarar som vil noko heilt anna enn det styresmaktene vil. Bryr vi oss berre om dei velvillige?

Vi legg best til rette for dei velvillige brukarane

Mange av oss som jobbar med klarspråk, legg stor vekt på å gjere det lettare for innbyggjarane å finne fram, forstå og få gjort det vi ventar at dei skal gjere.

Leiarar i ulike verksemder ser at dei kan spare verksemda og brukarane for misforståingar. Sjølvsagt ser dei nytta av klarspråk. Det skulle berre mangle. I mange tilfelle er jobben med å gjere tekst mindre tåkete og mindre tverr det viktigaste. Og det er klokt å ta bort den informasjonen brukaren ikkje treng der og då. Alle vert nøgde når ei teneste er meir effektiv og brukaren får tak i det han skal ha.

Dei vrange skal ha noko anna

Nokre gonger er det ikkje like enkelt å verte nøgd. Nokre gonger er vala vanskelegare, og det er viktig å gjere seg opp ei eiga meining. Det er lov å vere usamd med staten. Her i landet kan ein jamvel gjere seg rett så vrang på mange område utan å verte straffa. Heldigvis.

I Noreg har vi ikkje noko som liknar russiske tilhøve når det gjeld medborgarskapet. Likevel må vi arbeide kvar dag med å halde demokratiet og medborgarskapet i hevd.

Helle Beer Urheim

I Noreg kan folk tvile på staten, diskutere med staten, klage til staten og jamvel stille til val for å endre staten, om dei ønskjer det. Nokre gonger ter ikkje folk seg som typiske brukarar, men medborgarar. Ein medborgar er ein person som kjenner seg og vert sett på som ein fullverdig og aktivt medlem av samfunnet. Medborgaren vil påverke, tek på seg plikter og krev rettane sine. Om medborgaren er vrang eller villig, kjem an på. Men han krev noko meir og vil ikkje la seg sluse glatt gjennom systemet.

Ei gruppe medborgarar som til dømes vil påverke utforminga av byen dei bur i, må kjenne til kva kommunen meiner med ord som fortetting, bymessig og universell utforming. Medborgaren som vil påverke, treng å lære meir og stille fleire spørsmål enn det brukaren må. Difor skal klarspråk ikkje berre tilpassast kvardagsspråket. Klarspråk skal òg gje folk dei omgrepa og orda dei treng for å verte høyrde.

Ei akademisk oppfinning kan hjelpe oss

Retorisk medborgarskap er kan hende det viktigaste omgrepet Ida Seljeseth kjem med i doktorgradsavhandlinga si om klarspråk frå 2020. Ho har funne ut at skribentar som jobbar med klarspråk i praksis, skriv mest for brukarar i tydinga «innbyggjarar som treng hjelp til å få tenester eller gjere pliktene sine». Ein medborgar har ein annan verketrong og vilje enn ein brukar.

Ein medborgar trivst og veks der folk har tilgang til offentlege ytringsrom på same måtar som dei har tilgang til torg og allmenningar i ein open by. Makta må fordelast, og folk må kjenne seg handlekraftige om dei skal engasjere seg. Dessutan bør styresmaktene ha lyttepostar på dei rette stadene, og folk må kunne lese seg opp og orientere seg om samfunnet.

Trass i at omgrepet retorisk medborgarskap kjem frå lesesalen, kan den støtta vi kan gje medborgarskap gjennom klarspråk, verte viktigast for dei som aldri har sett beina sine på eit universitet. Klarspråk gjer det lettare for dei med lite makt og dei med mykje makt å ytre seg og møtast som jambyrdige.

Makt skal delast

I desse dagar ser vi sterke bilete av kamp om demokratiet. Kampen skjer med vald og våpen, men like mykje med ord. Retoriske rom vert opna og stengde. Sendingar vert skrudde på og av. Journalistar vert sende ut og kalla heim.

Vi byråkratar vert ofte sparte for dei største konfliktane og tenkjer vel ikkje så ofte at språkarbeid er arbeid for demokratiet. Retorisk medborgarskap kan lett verte honnørord i planar for klarspråk i staten eller berre eit omgrep for akademikarar. Det kjem an på kva slags innhald vi legg i det.

I Noreg har vi ikkje noko som liknar russiske tilhøve når det gjeld medborgarskapet. Likevel må vi arbeide kvar dag med å halde demokratiet og medborgarskapet i hevd. Ein del av jobben fell på alle som skriv klarspråk på vegner av styresmaktene.

Vi må skrive for dei vrange, ikkje berre dei velvillige, dersom folk skal ta ansvar og forsvare seg sjølve og andre når det røyner på. Når vi skriv for dei vrange, skriv vi samtidig for dei som vil påverke avgjerder. Når folk vert både gløggare og sterkare, ikkje berre meir effektive, av å lese tekstar frå det offentlege, er vi på rett veg. Då deler vi statens makt med medborgarane. Det er slik vi vil ha det.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:06.04.2022 | Oppdatert:06.04.2022