Høge mål for nynorsken
Over nyttår kjem ei ny lov med nye reglar for nynorsken. Norec ynskjer språklova velkomen. Dei har som mål å bli det statsorganet som er best på nynorsk.
AV SIGRID SØRUMGÅRD BOTHEIM
Om du går inn på nettsidene til Norsk senter for utvekslingssamarbeid (Norec), møter du mykje nynorsk. I mållovsrapporten for 2020 går det fram at Norec gjer eit svært godt nynorskarbeid. Men det er ikkje mange år sidan stoda var annleis. Kva har skjedd i desse åra?
– Tidlegare fekk vi nesten slakt i mållovsrapporteringa. Men i 2018 skjedde det store endringar i organisasjonen vår. Vi vart flytta frå Oslo til Førde, og da måtte vi byggje opp ein ny organisasjon og ein ny språkkultur. Det vart meir merksemd rundt språket fordi vi rekrutterte mange tilsette som var nynorskbrukarar. Nå har nynorsken vorte så naturleg for oss at vi ynskjer å bli best i staten, seier Cathrine Ekehaug, seksjonsleiar for kommunikasjon og samfunnskontakt.
Språklova skal hjelpe staten til å kommunisere betre med innbyggjarane. Her er nynorsken eit godt verktøy, sidan det er eit klart og direkte språk.
Tone Merete Lillesvangstu
Tidlegare i 2021 vart Tone Merete Lillesvangstu tilsett som kommunikasjonsrådgjevar med særleg ansvar for språk. I tida framover skal ho mellom anna laga ei ordliste med gode nynorske ord og frasar som blir brukte i bistandssektoren. Lillesvangstu ser på nynorsken som eit middel til å nå fleire mål for språkarbeidet, ikkje berre dei som har med nynorsk å gjera.
– Språklova skal hjelpe staten til å kommunisere betre med innbyggjarane. Her er nynorsken eit godt verktøy, sidan det er eit klart og direkte språk. Eg er svært oppteken av at det å skrive nynorsk ikkje berre handlar om ordval, men like mykje om å skrive tydeleg og med ein god flyt, seier Lillesvangstu.
Mållova er død, leve språklova
Når den nye språklova tek til å gjelde frå 1. januar 2022, blir dagens mållov oppheva. Det meste av mållova blir ført vidare i språklova, men nokre føresegner er nye. Mellom anna er det ikkje lenger eit krav at kvar enkelt tilsett i staten må meistre båe skrift språka, men kvart statsorgan har ansvar for å sørgje for at det samla sett har god nok kompetanse til å oppfylle lovkravet.
– Med denne endringa blir det tydelegare at leiinga har ansvaret for å sikre at nynorsken blir teken vare på. Leiarar må mellom anna kartleggje kompetansen internt og sørgje for at dei tilset folk med rett språkkompetanse, seier språkrådsdirektør Åse Wetås.
Kva slags tilsynsorgan blir Språkrådet med den nye språklova?
– Vi skal føre tilsyn med at statsorgana vekslar mellom bokmål og nynorsk, og den oppgåva blir faktisk lovfesta med den nye lova. Vi skal halde fram med å seia tydeleg ifrå når det offentlege bryt lova, men òg gje rettleiing og støtte slik at det blir lettare å gjera rett, seier Wetås.
Eigen nynorskkonsulent
Fylkeskommunane får nye plikter etter lova. Vestfold og Telemark fylkeskommune har allereie teke grep ved å tilsetja ein eigen nynorskkonsulent.
– I 2019 vedtok Vestfold og Telemark at 25 prosent av all tekst som blir skriven i fylkeskommunen, både internt og eksternt, skal vera på nynorsk. Vedtaket vart gjort delvis fordi språklova var i kjømda, delvis fordi vi skulle byggje opp eit nytt, samanslått fylke. Mange av kommunane i Vest-Telemark har nynorsk målvedtak, og det er viktig for fylkeskommunen å kommunisere med innbyggjarane på det skriftspråket dei sjølve ynskjer, seier nynorskkonsulent Kristin Berge.
Berge har fleire planar, og nokre av dei går ut på å setja nynorskarbeidet meir i system. Mellom anna skal ho laga ein språkprofil for både bokmål og nynorsk.
– Vi har òg planar om å kjøpe inn eit verktøy for omsetjing frå bokmål til nynorsk. Folk lærer kanskje ikkje så mykje nynorsk av å bruke eit slik program, men eg trur det kan verke inspirerande. Eg har inntrykk av at somme synest det er både skummelt og arbeidskrevjande å skrive nynorsk. Men vi må hugse at innbyggjarane våre har språk lege rettar. Alt språkarbeid handlar eigentleg om å setja innbyggjaren i sentrum.