Aktuell term

klima

Kva er klima, og kva skil det frå omgrepet vêr? Og kva er skilnaden på klima og miljø?

Klima vert definert som ‘vær over tid, beskrevet ved normaler (gjennomsnittsverdier), variasjoner og ekstremverdier’ i klimaordboka i Språkrådets termwiki. Klima skil seg frå vêr ved at vêr er ein tilstand knytt til ein stad og eit tidspunkt, ifølgje Store norske leksikon. Klima er altså vêrmønsteret på ein stad.

I vid forstand kan ein seie at klima er tilstanden til klimasystemet, som er eit komplekst system sett saman av atmosfæren, hydrosfæren, kryosfæren, landoverflata og biosfæren, ifølgje klimaordboka. Det gjer at kunnskapen om og forskinga på klimaet er tverrfagleg og dimed innfløkt. Forskarar har utvikla klimamodellar for å vite meir om klimaendringar.

Miljø er eit omgrep som vert nytta i ulike samanhengar, men i biologisk forstand vert det forklart som ‘de ytre livsvilkår for en organisme, populasjon eller samfunn, og de påvirkninger de blir utsatt for’, ifølgje Store norske leksikon. Desse ytre livsvilkåra er temperatur, råme, næringsinnhald osb. Det vil altså vere ein samanheng mellom klima og miljø ved at dei påverkar kvarandre, men som omgrep er dei åtskilde sjølv om dei ofte vert nemnde i same andedrag.

Du kan lese meir om klima i klimaordboka eller i Store norske leksikons kategori for klima.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:16.04.2019 | Oppdatert:20.01.2021