Smakebiter fra nordiske termbaser

UDs EU-termbase

UDs EU-termbase inneheld terminologi frå EU-rettsakter som er innlemma i EØS-avtalen, og som vert omsette til norsk av eininga for EØS-omsetjing i Utanriksdepartementet. Basen inneheld om lag 155 000 termar fordelte på 44 000 termpostar med engelske, franske og norske termar frå om lag 70 ulike område. Områdeinndelinga i basen samsvarer i stor grad med dei områda EØS-avtalen dekkjer. Om lag 22 prosent av termpostane inneheld nynorsktermar.

Basen er eit av dei viktigaste verktøya eininga for EØS-omsetjing har i omsetjingsarbeidet, og vert oppdatert kontinuerleg. Han er tilgjengeleg for alle på nett med brukarnamn og passord «guest».

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:20.12.2022 | Oppdatert:20.12.2022