Mastergradsstipend: Språkbruk hos skuleelevar (2014)

Hausten 2014 skal Språkrådet dele ut to stipend til mastergradsstudentar som skriv oppgåve om skriftleg språkbruk hos skuleelevar. Kvart stipend er på 20 000 kroner. Alle studentar som arbeider med relevante problemstillingar, kan søkje.

Språkrådet er interessert i å få meir kunnskap om den skriftlege språkbruken hos skuleelevar, særleg om tilhøvet til rettskrivinga for bokmål eller nynorsk. Dette kan dreie seg om korleis skuleelevar følgjer rettstkrivinga, eller kva former innanfor eller utanfor den offisielle rettskrivinga dei brukar. Oppgåva kan gjelde bokmål eller nynorsk, hovudmål eller sidemål. Språkrådet kjem til å prioritere søknader som kan føre til kunnskap om viktige nye utviklingstrekk.

Søknaden må innehalde:

  • ei skisse på ei side der ein gjer greie for problemstillinga og metoden – det bør også gå fram kor langt ein er komen i arbeidet
  • ei tilråding frå rettleiaren
  • ei utdjuping av problemstillinga og metoden på maksimum tre sider

Søknadsfristen er 20. oktober 2014 (obs! ny frist). Send søknaden med brev eller e-post:

Språkrådet
Postboks 8107 Dep
0032 OSLO

Kontakt: Har du spørsmål, kan du kontakte Marit Hovdenak (tlf. 22 54 19 58) eller Daniel Gusfre Ims (tlf. 22 54 19 56).

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:11.09.2014 | Oppdatert:21.01.2021