Mastergradsstipend: norsk rettskriving (2019)

Språkrådet vil dele ut to stipend til mastergradsstudentar som skriv oppgåver om korleis norsk rettskriving (nynorsk, bokmål eller begge skriftspråka) blir praktisert i dag. Alle studentar som arbeider med relevante problemstillingar, kan søkje. 

I arbeidet som Språkrådet gjer med normering og språkobservasjon, er det behov for meir kunnskap om praksis og variasjon i ulike typar moderne norske tekstar og om tilhøvet mellom bruken i tekstar og dei offisielle normene for nynorsk og bokmål.

Moglege tema

Vi kan stø oppgåver som gir meir kunnskap til dømes om desse emna:

  • tilpassing av importord som kjem inn i norsk (skrivemåte og bøying)
  • språket i elevtekstar sett i høve til normene i nynorsk og bokmål
  • utviklingstendensar i bruken av valfrie rettskrivingsformer i ulike teksttypar
  • val av rettskrivingsformer i språkteknologiske ressursar
  • bruk av syntetisk og analytisk gradbøying for adjektiv
  • bruk av fuge i samansette ord

 Søknaden må innehalde:

  • ei skisse på éi side der du gjer greie for problemstilling, metode og kor langt du er komen i arbeidet
  • ei fråsegn frå rettleiaren din
  • ei utdjuping av problemstilling og metode på maksimum tre sider

Språkrådet tar atterhald om at det ikkje blir delt ut stipend om det ikkje kjem inn søknader vi vurderer som gode nok eller relevante nok.

Stipendmottakarar må skrive under på ein avtale der Språkrådet mellom anna får rett til å leggje ut oppgåva deira på nettsidene til Språkrådet.

Søknadsfristen er 29. november 2019. Søknaden skal merkast med «norsk rettskriving». Send søknaden på e-post til post@sprakradet.no.

Har du spørsmål, kan du ta kontakt med Sturla Berg-Olsen (tlf. 22 54 72 47) eller Daniel Gusfre Ims (95 76 51 52).

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:08.11.2019 | Oppdatert:21.01.2021