Mastergradsstipend: stadnamn (2019)

Språkrådet skal dele ut eit stipend til ein mastergradsstudent som skriv oppgåve om norske stadnamn. Alle studentar som arbeider med relevante problemstillingar, kan søkje.

Fagfeltet onomastikk (namnegransking) har dei siste åra hatt fallande rekruttering, trass i at særleg stadnamnforvaltinga er eit fagfelt der det skjer mykje. Språkrådet ønskjer difor å tilretteleggje for å få ny kunnskap om norske stadnamn, gjerne i lys av fagområde som grensar til dette, som språkhistorie, etymologi, dialektologi eller handheving av stadnamnlova.

Søknaden må innehalde

  • ei skisse på éi side der du gjer greie for problemstilling og metode og for kor langt du er komen i arbeidet
  • ei fråsegn frå rettleiaren din
  • ei utdjuping av problemstilling og metode (maksimalt tre sider)

Søknader som gjeld bacheloroppgåver, kan òg bli vurderte.

Søknadsfristen er 29. november 2019.

Merk søknaden «Stipend til oppgåve om norske stadnamn», og send han på e-post til post@sprakradet.no.

Kontaktinformasjon

Har du spørsmål, kan du kontakte Ellen Hellebostad Toft (tlf. 22 54 72 42) eller Daniel Gusfre Ims (tlf. 95 76 51 52).

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:08.11.2019 | Oppdatert:21.01.2021