Borrelås

No image

Den praktiske oppfinninga borrelås kan vi knapt greie oss utan. Ideen til denne tekstillåsen kom frå dei kulerunde blomsterhovuda til ugrasplanta borre. Sjansen er stor for at du kan sjå slike borrar med vakker djuplilla farge i ein vegkant nær deg no i sommar.

Borrelås blir brukt til mange praktiske formål, som barnesko, sportsutstyr og mykje anna. Måten borrelåsen er laga på, med to ulike plastband som hektar seg fast i kvarandre, er inspirert av blomstrane til borre. Borre er ei stor, kraftig korgplante som blir meterhøg og meir enn det. Det er fleire artar i borreslekta, Arctium. I blomsterstandane sit det tett i tett med små lilla kronblad, og korgdekkblada utanpå dei endar i ein spiss liten krok, ein mothake. Desse krokane hengjer seg gjerne fast i klede, hår og dyrepels. Botanikaren Knut Fægri skriv i Norges planter: «I gamle dager da småpikene hadde langt hår, var det vanlig sport blant rampegutter å hive borrer på dem.»

Borreplanten og blomsterhovuda har fleire andre namn rundt om i landet, m.a. klåte, klengje og klung. Norsk Ordbok siterer frå Lista: «Det var ein sport for ungane å kasta klung på kvarandre».

Det er ikkje berre i norsk at ordet for borrelås heng saman med plantenamnet. I dansk har dei burre og burrebånd, i svensk kardborre og kardborr(e)band. Dei tyske orda liknar ikkje på dei nordiske, men tyder det same, jamfør Klette og Klettband eller Klettverscluss. Nederlandsk har klit og klittenband.

Det var sveitsaren Georges de Mestral som fann opp borrelåsen. Produktet vart marknadsført under namnet velcro, og dette ordet er velkjent i m.a. engelsk. Det er samansett av dei første bokstavane i dei franske orda velours ‘fløyel’ og crochet ‘hake, krok’.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:03.07.2014 | Oppdatert:16.01.2023