Fred

No image

I høve FN-dagen 24. oktober er det naturleg å la tankane vandre til det som er målet for organisasjonen: fred i verda. «Fred» dekkjer også kjenslene ein kan ha på hyttetrammen ei tidleg morgonstund med kaffikopp og fuglekvitter. Men kvar kjem ordet eigentleg frå?

Ordet har vi frå norrønt friðr, som tyder både ’kjærleik’ og ’fred’. Det er i slekt med norrønt frjá, som tyder å ’elske’. I moderne norsk ser det ut til at kjærleiken har gått tapt, medan roa og harmonien fullstendig har teke over.

Av same rot som frjá kjem vekedagnamnet fredag, etter gudinnene Frigg og Frøya.

Vi finn variantar av ordet fred i alle dei germanske språka (med unntak av engelsk), medan dei romanske (og engelsk) har arva det latinske pax og tøygd det i ulike retningar.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:24.10.2013 | Oppdatert:04.08.2021