Hålke

No image

Vinteren gir oss ofte snødekt grunn å trø på, men vi kan òg oppleve hålke, og det har vore tilfellet for mange no på nyåret.

Hålke er eit nedarva hokjønnssubstantiv som er avleidd av adjektivet hål. I dag brukar vi nok hålke mest om ’stad der det er hålt/glatt’, men vi ser i Nynorskordboka at det òg blir bruka om ’det at noko er hålt’. Hål kan vere både det ’som ein glir lett på’ , som hål is, og noko ’som glir lett’, som hål fisk. Vi finn dei same orda på svensk, i standardspråket som substantivet halka og adjektivet hal. På svensk er hal det vanlege adjektivet å bruke til dømes om glatt føre, mens vi på norsk ikkje nyttar hål så mykje i skrift; vi brukar oftast glatt.

Hål var háll på norrønt, og dette ordet har same opphav som det norrøne adjektivet hlýr, i dag ly. Dette adjektivet forklarer Nynorskordboka som ‘mild, lun, lunka’, og vi finn det vidare med substantiveringa ly. Men korleis kan hålke og ly ha så ulik tyding dersom dei har eit sams opphav? Det eine er jo kaldt og det andre (nokolunde) varmt? Vi kan finne forklaringa i den etymologiske ordboka Våre arveord av Bjorvand og Lindeman, der det blir vist til eit språkleg utgangspunkt med tydinga ’vere varm eller kald’.

No nærmar vi oss overraskande nok eit anna meir eller mindre omtykt emne rett etter julehøgtida, nemleg kaloriar, som saman med hålka søkjer spalteplass i avisene. Kalori er ei måleining for energi, arbeid og varme, og dette ordet har vi frå fransk etter det latinske calor. Dette latinske substantivet tyder ’varme, hete’, og det er danna til verbet calere, ’vere varm, gløde’. Følgjeleg er det her vi finn det same opphavet som til hålke. I den germanske lydforskyvinga blei indoeuropeiske ustemde lukkelydar til ustemde frikativar, slik at /k/ blei /h/. Det latinske cal- (/kal/) svarar til norrønt hál-.

Vi brukar kalori særleg om energi i matvarer, og den overskytande energien vi kan ha fått i oss i løpet av jula, er det no mange som vil ha vekk. Da er det ofte meir enn eit par famlande steg på hålka som skal til.

 

Publisert 11. januar 2019

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:11.01.2019 | Oppdatert:03.08.2021