Kulturminne

Kva er eit «kulturminne»?

2009 er markeringsår for kulturminne, med vekt på kulturminna vi har rundt oss i kvardagen. 

Eit kulturminne er noko som vitnar om kultur som har vore, til dømes menneskeskapte ting som hus, båtar, industrianlegg og gravhaugar. Men det finst òg immaterielle kulturminne, som stadnamna våre. Nokre av dei veit vi er ikring to tusen år gamle. 

I samband med Unesco-konvensjonen om immateriell kulturarv har Språkrådet peikt på at samiske og kvenske stadnamn treng særskilt vern. 

Sjå elles St.meld. nr. 16 2004–2005 Leve med kulturminner.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:13.03.2009 | Oppdatert:20.12.2022