Nyord

Med ujamne mellomrom får Språkrådet tilsendt framlegg til nye ord med spørsmål om vi kan godkjenne dei og sørgje for at dei blir tekne inn i ordbøkene. Somme spør om det eksisterer nokon formell framgangsmåte for å foreslå nye ord. Kan enkeltpersonar foreslå ord? Finst det ein prosedyre for dette?

Mange trur at Språkrådet har fullmakt til å godkjenne eller underkjenne nye ord, men slik er det ikkje. Vi godkjenner ordbøker og ordlister til bruk i skolen, men bestemmer ikkje kva for ord som skal takast inn i språket og seinare få plass i ordbøkene. Nye ord blir tekne opp i norsk ved at vanlege språkbrukarar tek dei i bruk, både munnleg og skriftleg. Over tid vil det vise seg kva for ord som er døgnfluger og forsvinn nokså fort, og kva for ord som festar seg i skriftspråket og blir såpass etablerte at ordbokredaktørane etter kvart tek dei inn i ordbøkene.

Når Språkrådet får framlegg til eit nytt ord, brukar vi å oppmode innsendaren om å begynne å bruke ordet, spreie det og gjere det kjent, gjerne også i skrift. På den måten får ein prøvd ut om andre språkbrukarar synest ordet er godt, om dei har bruk for det, osv. Det er ingen som har nokon opphavsrett til allmennorda. Det er derfor heller ikkje mogleg å få juridisk opphavsrett til ordinære ord og uttrykk.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:05.04.2013 | Oppdatert:07.08.2023