Symre

Lengt etter våren dreg oss. Med den vonfulle tydinga ’blom som varslar sommar’, er symra eit kjært vårteikn.

kvitveis/hvitveisTor Jonsson femner både symra og våren:

   Ei kvitkledd symre i silkekåpe
   ber bod til hjarta, at enn ein gong
   er våren komen med veldig vilje
   og fyller verda med sol og song.

Opphavet til symre er det norrøne ordet «sumar». Ordbøkene fortel at symra er ei vårplante av fleire slekter i soleiefamilien: blåsymre, kvitsymre/hvitsymre og kusymre. Kanskje er nemningane blåveis, kvitveis/hvitveis og kublom like godt kjende. Ei mykje brukt nemning for kusymre er primula (av ordet «primus», ’først’) i aurikkelfamilien, og mange trekkjer fram det latinske Anemone nemorosa som ei poetisk nemning for kvitveisen.

Symra var/er eit sentralt ord hjå 200-årsjubilanten i Språkåret, Ivar Aasen. I 1863 gav han ut diktsamlinga Symra. Tvo Tylfter med nya Visor.

 

Publisert: 19. april 2013

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:19.04.2013 | Oppdatert:04.08.2021