Blikking

No image

Av og til kan eit blikk vere nok til å utløyse ein kraftig reaksjon eller eit slagsmål.

Å blikke nokon vil seie å markere at dei er utanfor fellesskapen eller er mindre verdt, ved å sjå stygt på dei. Korkje fenomenet eller ordet er nytt, men blikking som nemning på dette er blitt etablert i norsk først det siste tiåret. Det er blitt aktualisert i minst éi lei sak den siste veka. Blikking er ei form for mobbing som lett kan bagatelliserast, men som kan vere svært alvorleg for offeret.

Verbet blikke er avleidd av substantivet blikk. Vi finn blikke brukt i tydinga ‘sjå på, rette blikket mot’ hos Wergeland og enda tidlegare, men da utan nedsetjande overtonar. I nynorsk finst òg verbet blike (avleidd av blik), som her hos Kristofer Uppdal: Daa blikar diktaren upp, med det underlege dobbelblik, i gamal sorg og i ein vedvarande skratt.

Det å verbe substantiv, altså danne verb av dei, er noko vi lett kan gjere i norsk. Vanlegvis legg vi da berre til -e eller -a (i bokmål berre -e) til substantivstammen: mjølk – å mjølke, skatt – å skatte, fisk – å fiske. Orddanning av dette slaget, der stammen i det avleidde ordet er lik stammen i opphavsordet, kallar vi konversjon. Om substantivet endar på -e, får verbet akkurat same form: farge – å farge, bombe – å bombe.

Det er ikkje alltid fritt fram for å verbe i veg: Vi kan godt bile og toge, og kanskje busse, men ikkje så gjerne båte (sjølv om ein finn eksempel på det òg). Vi kan godt ølle og vi kan sprite opp noko både i direkte og overført tyding, men neppe bruse eller vine. Likevel er det ikkje uvanleg at spontant danna verb av typen blikke kjem i bruk og blir etablerte i språket. Andre verbingar av nyare dato er pause ‘gjere ein pause’, snappe ‘leggje ut noko på Snapchat’, sexe ‘ha sex’ og lenkje ‘lage hyperlenkje’.

 

Publisert 28. september 2018

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:28.09.2018 | Oppdatert:03.08.2021