Diesel

No image

Dårleg luftkvalitet førte nyleg til dieselforbod i visse delar av hovudstaden. Ordet diesel er eit godt døme på det som heiter eponym.

Oppkallingsnamn er ei meir gjennomsiktig nemning, for det handlar om at eit eigennamn har gått over til (også) å vere fellesnamn. Fellesnamnet diesel er laga etter namnet til den tyske maskiningeniøren Rudolf Diesel (1858–1913). På grunnlag av ei avhandling han sjølv hadde skrive, var Diesel i 1890-åra med på å utvikle ein ny type motor som brukte ei mindre raffinert brenselvæske enn bensin – ei olje. I ein bensinmotor blir ei blanding av drivstoff og luft påtend av ein gneiste, i ein dieselmotor tenner drivstoffet av seg sjølv når det blir sprøytt inn i ein sylinder med varm, komprimert luft.

I Bokmålsordboka og Nynorskordboka har hankjønnsordet diesel to tydingar. Det kan anten vere snakk om kortform av drivstoffet dieselolje (fylle diesel) eller om køyretøy med dieseldrift (byte til diesel).

Skrivemåten ser ut til å fungere greitt sjølv om lang /i/ ikkje blir skrive ie elles i norsk. Det heng kanskje saman med høg frekvens. Ein ser ordet på kvar einaste bensinstasjon (dieselstasjon?) i landet. Den fornorska skrivemåten disel er registrert, mellom anna var diselmotor oppslagsforma i Norsk Riksmålsordbok (første bindet frå 1937), men ser elles ikkje ut til å ha slått gjennom.

 

Publisert 20. januar 2017

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:20.01.2017 | Oppdatert:03.08.2021