Eksoplanet

No image

I førre veke melde NASA at dei har oppdaga eit nytt solsystem, Trappist-1, med sju planetar ca. 40 lysår frå solsystemet vårt. Sidan planetane er utanfor vårt solsystem, blir dei kalla ekstrasolare planetar eller eksoplanetar.

Ekso- er eit prefiks som tyder ‘utanfor, ytre’, og kjem opphavleg frå det greske ordet ekso ‘ute, utanfor’. Ordet planet kjem også frå gresk: planētēs, som tyder ‘vandrar’ ifølgje Nynorskordboka. Ein eksoplanet er med andre ord ein slags ytre vandrar.

Dei gamle grekarane brukte uttrykket astēr planētēs for det vi kallar planet. Astēr planētēs tyder ‘vandrestjerne’. Dette heng saman med antikkens astronomi, ifølgje Store norske leksikon. Før nytta ein ordet stjerne både om planetar og om dei eigentlege stjernene, fiksstjernene. Medan fiksstjerner alltid stod i ro i forhold til kvarandre, var nokre himmellekamar i stendig rørsle. Dei var vandrestjerner, altså planetar.

Trappist-1 ligg altså 40 lysår unna vårt eige solsystem, noko NASA klassifiserer som «relativt nær». Eit lysår er ikkje eit mål på tid sjølv om namnet kan gje inntrykk av det. Det er eit mål på avstand og er den strekninga lyset legg bak seg på eit år: 9461 milliardar kilometer. Så «relativt nær» for NASA er dermed 378 billionar kilometer.

---

Illustrasjon: ESO/N.Bartmann/spaceengine.org

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:02.03.2017 | Oppdatert:09.08.2023