Kabinettsspørsmål

No image

Eit kabinett kan vere eit lite rom, som dusjkabinett, eit utstillingslokale, som vokskabinett, eller eit møbel – ein type skap med mange skuffer eller ei kasse omkring eit (radio)apparat e.l. Ordet kabinett heng saman med kabin

Eit kabinettsspørsmål knyter seg derimot til kabinett brukt om regjeringa i eit land, eventuelt den viktigaste delen av regjeringa. Dersom den norske regjeringa stiller kabinettsspørsmål om ei sak, seier regjeringa at ho går av dersom Stortinget ikkje godkjenner eit framlegg. I budsjettforhandlingane mellom regjeringspartia og støttepartia har partane enno ikkje vorte samde om eit framlegg til statsbudsjett for 2017.

Kabinett i den politiske tydinga var først det rommet der kongens råd var samla, og ordet vart så overført til sjølve regjeringa. I engelsk og fransk fanst det før cabinet question og question de cabinet, men desse uttrykka har seinare gått av bruk. Kabinettsspørsmål er derimot framleis eit tema i dei skandinaviske landa. Den første norske statsministeren som stilte kabinettsspørsmål og gjekk av etter det, var Emil Stang i 1891.

Merk at kabinettsspørsmål skal skrivast med binde-s. Det same gjeld for kabinettssekretær og kabinettsmøte, mens samansetningar med kabinett i tydinga ‘møbel’ har valfri binde-s (kabinett(s)skap, kabinett(s)format, kabinett(s)fotografi).

---

Foto: Stortinget – Granittløve på Løvebakken (Lisens: CC BY-SA 2.0).

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:01.12.2016 | Oppdatert:09.08.2023