Kvardagsintegrering

No image

Kvardagsintegrering er årets ord. Ordet er treffande og aktuelt, og det har eit klårt nyordspreg.

Nyordet kom i bruk for alvor etter at statsminister Erna Solberg nytta det i nyttårstalen 1. januar i år. Bruken av ordet syner eit språkleg behov for eit omgrep som dekkjer mange typar aktivitetar som vanlege folk gjer i kvardagen for å integrere innvandrarar og flyktningar i nabolaget. Omgrepet femner om det å invitere dei med på fotballaget eller på julebakst, det å stille opp på språkkaféar eller å hjelpe til med å skaffe bustad osb. Ordet kvardagsintegrering høyrer dimed heime i ein av dei største samfunnsdebattane som har prega året.

Rett nok har ordet vore brukt ved nokre få høve tidlegare år, men statistikken syner at det er langt på veg er eit 2016-ord. Bruken tyder også på at ordet har slått rot i språket vårt.

 

Publisert 13. desember 2016

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:13.12.2016 | Oppdatert:04.08.2021