Østfoldbanen

No image

Togstrekningar som Østfoldbanen blir rekna som eigennamn, og dei skal difor skrivast med stor forbokstav og utan bindestrek.

Den streikeråka Østfoldbanen fekk namnet sitt i 1930, etter tidlegare å ha heitt Smaalensbanen. Som andre togstrekningar i Noreg skal namnet skrivast med stor forbokstav og utan bindestrek, til dømes Bergensbanen, Dovrebanen og Nordlandsbanen. Årsaka er at namna må reknast for å vere eigennamn; det finst berre ein av sorten.

Reglane for om det skal vere binde-s eller ikkje, følgjer praksisen for andre samansetjingar som fyrsteleddet inngår i. Det heiter bergenstur, men østfoldtur – altså Bergensbanen, men Østfoldbanen.

Reglane over gjeld slett ikkje berre for togstrekningar, men òg andre ting med eigennamnkarakter, til dømes bussruter som Haukeliekspressen og Sørlandsekspressen og geografiske landemerke som Drammensbrua og Mandalselva.

Merk at langt frå alle samansetjingar med eigennamn som fyrsteledd skal ha stor forbokstav. Generelle orddanningar som ikkje kan reknast som eigennamn, skal ha liten forbokstav; altså heiter det nordlandsreise og sørlandsnatur.

---

Foto: Leojth – Train on the border near Kornsjø (Lisens: CC BY-SA 3.0).

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:13.10.2016 | Oppdatert:09.08.2023