PLAIN og klarspråk

No image

I dag startar den internasjonale klarspråkskonferansen PLAIN i Oslo. Men kvifor heiter konferansen PLAIN, og kva er eigentleg klarspråk?

Klarspråk er eit internasjonalt fagfelt, og plain language er den innarbeidde engelske termen for klarspråk. Plain Language Association International (PLAIN) er ein organisasjon med medlemmar frå 25 land. Annakvart år blir det arrangert ein PLAIN-konferanse. I 2019 er Noreg vertskap for denne konferansen. Språkrådet og Direktoratet for forvaltning og ikt (Difi) er dei lokale arrangørane.

Finne, forstå og bruke informasjon

Med klarspråk meiner vi korrekt, klart og brukartilpassa språk. Den internasjonale definisjonen av klarspråk seier at «klarspråk er kommunikasjon med så tydeleg ordlyd, struktur og visuell utforming at lesarane finn informasjonen dei treng, forstår han og kan bruke han».

For å illustrere kva som ligg i omgrepet klarspråk, kan vi sjå på ei setning som er eit døme på det motsette:

I samband med måltidssituasjonar blir kommunikasjon gjennom samtalar viktig.

Her står det eigentleg berre at det er viktig å prate saman under eit måltid.

Det burde kanskje seia seg sjølv at den klaraste og tydelegaste uttrykksmåten er den beste, men det kan vera vanskeleg å skrive enkelt. I det offentlege må det drivast jamt og målretta klarspråksarbeid, elles kan borgarane lett bli feilinformerte om rettane og pliktene sine. I Noreg har det vore ei offentleg satsing på klarspråk sidan 2009.

Kvifor heiter det klarspråk og ikkje klartspråk?

I samansetjingar som består av adjektiv + inkjekjønnsord (klar + språk), er regelen at fyrsteleddet ikkje blir bøygd i samsvar med sisteleddet. Difor heiter det klarvêr (ikkje klartvêr) og klarsyn (ikkje klartsyn). Men det finst nokre mykje brukte unntak, slik som godtfolk, kaldtvatn og varmtvatn.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:25.09.2019 | Oppdatert:03.08.2021