Rohingya

No image

Rohingya er nemning både for eit folkeslag, ein person frå dette folkeslaget og språket dei snakkar. Vanleg norsk uttale er /rohinja/, med trykk på -hin-.

Dei siste vekene har den etniske gruppa rohingya vore mykje omtala i media. Det er eit muslimsk folkeslag i Asia som igjen er på flukt etter å ha vore utsett for forfølging og overgrep. Dei tel noko over 1 million menneske, og dei aller fleste av dei lever i eit område på austsida av Bengalbukta.

Ein rohingya er ein person som tilhøyrer folkeslaget rohingya. Fleirtalsforma er rohingyaar eller rohingyaer (bokmål rohingyaer). Om vi vel å snakke om rohingyafolket, er det verdt å merkje seg at vi ikkje brukar stor forbokstav. Dei snakkar rohingya, som er i slekt med språket i Chittagong-regionen i det søraustlege Bangladesh. Rohingyaane har vore statslause sidan 1982 då heimlandet Myanmar tok frå dei statsborgarskapen. Myanmararane meiner rohingya er eit bengalsk folk, og at dei høyrer heime i Bangladesh, men heller ikkje dette landet vil vite av dei.

Sidan slutten av nittensyttitalet har rohingyaane fleire gonger vorte tvinga på flukt frå Myanmar, som har vore namnet på landet sidan det dåverande militærstyret gjorde vedtak om det i 1989. Før det vart landet kalla Burma. Det offisielle norske namnet på landet er Republikken Myanmarunionen, med kortforma Myanmar. Mange uttalar det med tre stavingar på norsk, /my-an-mar/, sjølv om /mjan-ma/ ville vere meir i tråd med lokal uttale.

Landet kan framleis omtalast som Burma. Bruken av namnet Burma har vore omstridd fordi det for mange vekkjer assosiasjonar til kolonitida, men også Burma byggjer på ei myanmarsk nemning på landet. Tilsvarande kan innbyggjarane i Burma kallast burmesarar (bokmål burmesere), og språket deira er burmesisk. Burma omfattar mange ulike etniske grupper. Ein burmanar er ein person frå den etniske gruppa burman. Ein burmanar er såleis også ein burmesar, men ein burmesar er ikkje nødvendigvis ein burmanar.

Hovudstaden i Myanmar var fram til 2005 Yangon (tidlegare Rangoon). Vi kan uttale dette /jangån/, med trykk på -ån. Det norske namnet på det som då vart den nye administrative hovudstaden, er Naypyidaw, og dette kan vi uttale /naipidå/. Her ligg trykket på -då.

 

Publisert 15. september 2017

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:15.09.2017 | Oppdatert:03.08.2021